Haust i helvete

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: Urpremiere 14. november 2018

- Eg er Jim Morrison

Finst ei sanning bak neste dør?

I ei verd som framstår som brutal, der hykleri og dobbeltmoral får råde. Kven er det galne? Den som er sjuk på sinnet, eller den som ikkje er det?

Vi blir med inn i verda til ein mann som trur han er Jim Morrison frå det legendariske 60-talsbandet The Doors. Han er antakeleg innlagt på psykiatrisk med personlegdomsforstyrring. Han er sårbar, utan fotfeste og over kanten, som sin sjelebror Jim. Liva til dei to vever seg inn og ut av kvarandre gjennom den poetiske teksten. Situasjonar frå livet går i reprise eller kjem opp som små fragment. Dei ser ikkje det vakre i verda lenger, berre råskap og undergang.

People are strange
When you’re a stranger
Faces look ugly
When you’re alone
Women seem wicked
When you’re unwanted
Streets are uneven
When you’re down 

Men kven er han, denne øglekongen, som kan skifte ham? Kanskje finnest det ei sanning bak døra? Men kvar gong ei dør blir opna, openberrer det seg ei ny.

To generasjonar

Tre personar frå to ulike generasjonar står bak prosjektet. Det Norske Teatrets tidlegare teatersjef Vidar Sandem og regissør og skodespelar Bjørn Sundquist var unge samstundes med poeten og rockestjerna som døydde så alt for tidleg. Erlend Sandem er son til Vidar Sandem og står saman med faren bak teksten. Sundquist skal ha regi og på scenen står skodespelar Hans Rønningen, også han av same generasjon som Morrison, og med rockeblod i årene.