Arne Garborgs nasjonalepos som eksplosivt og suggererande musikalsk forteljarteater.
Skodespelar Ane Dahl Torp har klipt og limt i Garborgs medrivande diktsyklus for å kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Miljeteig.
Fengslande eventyr for vaksne
Haugtussa tar for seg det undermedvitne, driftene og villskapen i menneskesinnet. Det handlar om gjetarjenta Veslemøy, som ein grytidleg morgon bli oppsøkt av den avdøde søstera si. Ho fortel at Veslemøy har ein tung veg framfor seg – for ho er synsk, dømd til å sjå det andre ikkje ser.
Heller vil eg med augo sjå enn blind og dauv gjennom verda gå og ikkje det sanne skilja
Foto: Dag Jenssen
Om Haugtussa, film, teater og livet som skodespelar.