Etter alt å dømme lever vi i den friaste av alle verder, der folk kan ta den vegen dei vil og forandre retning på livet når dei vil. Men for å vere fri, må du bestå testen. "Fridomens vegar" undersøkjer kva den utstrekte testinga vi blir utsette for i dag, gjer med oss.

Vegen til den individuelle fridommen er meir eller mindre brulagt med testar og testarar. Gjennom utstrekt testing prøver vi å forme naturen i vårt forskingsbaserte bilde. Er du innanfor eller utanfor normalen? Har du det som krevst for jobben? Dersom du på noko vis fell utanfor normalområdet, skal du få hjelp til å bli mest mogleg normal. Men kan naturen eigentleg bli kontrollert? Og kven bestemmer kva som er norma? Kven lagar testane?
Og ikkje minst: Kven testar testaren?

– Dette er dramaer vi alle går inn i hver dag, og som vi sender våre barn inn i. Det er rasjonaliseringsprosesser, evalueringsprosesser, evnetester, jobbtester og personlighetstester, sier regissøren.

– Jeg håper å komme på sporet av det moderne menneskets fremmedgjøring. Teatret er en fin måte å underliggjøre ting i vår hverdag, sier regissør Tore Vagn Lid.

- Alle skal testast, nær sagt i alt. Er det dette vi kallar fridom?

Finn ut meir