Fredagskveld i Groruddalen gir deg eit unikt høve til å bli kjent med nokre av dei mest framståande og spennande kunstnarstemmene frå dalen. Det blir alt frå dans til DJ til vogueing battles, til mat og teater og konsert.

Det Norske Teatret har sidan 2019 halde til på Rommen scene i Groruddalen. Utvalde fredagskveldar denne våren blir Rommen scene gjort om til eit rom der taket møter golvet og dørene blir fjerna. Der grensene i kunsten og kulturen blir viska ut. Ein sosial og kunstnarisk utvekslingsarena der menneske kan møtast i kunstens namn!

Velkommen til staden der det beste frå dalen møter teateret!

Du
bestemmer prisen!
Vi har fleire ulike billettprisklassar å velje blant.