Gjertrud Jynges engasjerte historietime skaper spørsmål som dirrer lenge etter at forestillingen er over.

Vondt og aktuelt

Viktig personlig dokument

På folkemuseet på Bygdøy står den gamle prestegarden frå Leikanger i Sogn. Skodespelar Gjertrud Jynge har mange og sterke slektsminne knytt til denne vakre bygningen.

Her vaks oldemor hennar, Louise opp, og her fekk far til Louise, soknepresten Jakob Walnum (1851-1925), sitt kall frå Gud: Han skulle bygge opp ein misjon for å verke blant taterane, Romanifolket, han skulle få slutt på omstreifarvesenet. Taterane skulle bli som andre "gode" nordmenn, kristne og bufaste. Dei vaksne blei sett til tvangsarbeid i eigne leirar, barna blei sende på barneheimar, ofte tekne frå foreldra med makt.

Omstreifervesenet

Walnum var den første generalsekretæren i "Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet", seinare kjent som "Norsk misjon blant hjemløse", som med støtte frå storting, regjering og kongehus blei ein motor i fornorskinga av taterane gjennom nærare hundre år. Ein privat, kristen og statsstøtta organisasjon fekk drive ein til dels brutal reformpolitikk, nokså uhindra frå slutten av 1890-åra og heilt fram til 1989.

Etter hvert skjønte jeg at det han drev med er et ganske mørkt kapittel i vår historie.

Finn ut meir