Faens nisse!

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: Urpremiere 10. november 2017

Er det grisen eller Jesus som ofrar seg mest for jula?

Gud beklagar seg til sonen over at jula har blitt berre kjøpehysteri, nissar og grisar. Det er ikkje noko Jesus, kristendom og kjærleik igjen. Kvifor ikkje trekke seg frå heile greia? – Det er jo bursdagen min, svarar Jesus, og bestemmer seg for å vinne tilbake jula.

Vi skal til den vesle bygda Bangstad. Nok eit lite lokalsamfunn har blitt råka av ei eldrebølge som har vatna ut budsjetta. Ei bygd der folk er opptatt med sitt, hastar av stad for å  få kjøpt dei siste julegåvene og sikre seg juleribba. Her er jula 80 prosent nisse og berre 20 prosent kristendom. For hundre år sidan var det omvendt. Det er her slaget om jula skal stå. Jesus aktar å ta tilbake minst 50 prosent av marknadsandelen av julefeiringa, og bevise for far sin at den kristne og nestekjærlege bodskapen kan vinne over nissetullet og marknadskreftene ein gong for alle.

Det samlande «vi»

Jesus gir Ragnar, ein mann midt i livet, eit kall om å bli ordførar. I lag med den nye presten, Ingrid, skal han samle bygda på nytt, og løfte fram «det som djupast sett er oss». I sentrum av bygda gjenreiser dei ein stor kross, og målar han med gullmåling. Ragnar drøymer om å bygge et kulturarvmuseum, så dei kan få vist fram det i arven som dei ønsker å verne. Bygda er begeistra. Når dei små og mellomstore bedriftene i tillegg kjem på ei heilt spesiell julegåve som vil lette bygdas alderdomsutfordring, er saligheita nær.