Europavisjonar
Ein Eurovision-musikal!
Powerdress eller paljettar? I Europavisjonar møtest politikk og Eurovision Song Contest.
Det blir show!
Bak manus og regi står Simen Formo Hay, Oda Radoor og Johan Hveem Maurud. I 2023 sette Formo Hay og Radoor i scene Døden på Oslo S på Økernsenteret for Nationaltheatret. Framsyninga fekk Heddaprisen for «Årets teaterforestilling».
I 2025 tek dei Eurovision-entusiasmen inn på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Med eit stort ensemble og kunstnarleg lag skal dei no kople Europas nyare historie opp mot Eurovision Song Contest i ein songkonkurranse med skarp politisk brodd, der humor og djup alvor går opp i ei høgare eining. Berlinmurens fall, 90-åras marknadsliberalisme, finanskrise, flyktningkrise, krig og fred. Alt presentert i eit energisk show, gjennom musikknummer med song, dans, triks og overdådige kostyme!
«Europavisjonar er en triumf. Mer treffende politisk musikkteater enn dette er det vanskelig å forestille seg»
«En spektakulær og dypt rørende hyllest til demokratiet... Kom deg i teateret!»
Showpakker (hotell + billett)

Scandic Showpakker
Reis til Oslo og sjå Europavisjonar i samarbeid med Scandic Showpakker
Bestill her"Siste liten"-rabatt!

Billettpris: 200,-
Visste du at den siste timen før framsyningsstart, kan du kjøpe ledige billettar til Europavisjonar til 200 kroner?
Både på nett og i billettluka.
««Europavisjonar» er en sann triumf for musikk-teateret»
Velkommen til den viktigaste songkonkurransen i historia:
Europavisjonar! På scenen står dei mest sentrale politikarane frå 1989 til i dag. Storbritannia, Russland, NATO, EU, ytre høgre og mange fleire gir deg sine visjonar pakka inn i raffe rytmar, funklande paljettar og deilige dansenummer. Dei bruker stemma si i jakta på stemma di! Og dei gjer det med songar frå Eurovision Song Contest, i ny språkleg drakt du aldri har høyrt før!
Kva for visjon vil du stemme på? Vekst, shopping og kapitalisme? Opprusting og maktbalanse? Eller kva med EUs tunge byråkrati? Bli med og stem!
INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Det blir nytta stobelys, scenerøyk og høg lyd i framsyninga.
Dette er songane som blir framført av mellom andre Angela Merkel, Boris Johnson, Donald Trump og Jens Stoltenberg!