ETTERLYST: JESUS

  • Scene : HOVUDSCENEN
  • Varigheit : 1 time 40 min (ikkje pause)
  • Pris frå: 275 ,-
  • Premiere: 27. august 2016

Kva for ein Jesus treng vi i dag?

Da Bjørn Eidsvåg vaks opp i Sauda, var Jesus den store helten. Han var god, snill og rettferdig. Ein superhelt tøffare enn Tarzan!

Vesle Bjørn var sikker på at Jesus alltid ville passe på han. Men i ungdomstida blei Jesus mykje strengare. Ikkje likte han langt hår, ikkje rytmisk musikk og heller ikkje at kvinner blei prestar. I studietida endra Jesus seg ytterlegare, og Bjørn Eidsvåg kunne konstatere at Jesus var annleis i Oslo enn på heimplassen. Her var han ein slags kul hippietype som forkynte peace and love. Seinare blei han presentert for ein sosialistisk Jesus og ein som inspirerte folk til å gjere godt, som ein Gandhi eller Nelson Mandela.

Men òg ein som inspirerte dei som grunnla Ku Klux Klan. Jesus var i sanning allsidig. Og han endra seg frå stad til stad og med tida. Bjørn Eidsvåg har med framsyninga Etterlyst: Jesus prøvd å finne ut kven Jesus eigentleg er. Er det mogleg å finne ut? Og kva er det ved denne figuren som gjer at han påverkar oss menneske så sterkt?

Saman med Svein Tindberg og det faste bandet sitt vil Bjørn Eidsvåg prøve å finne ut om vi treng ein Jesus i dag. I så fall kva for ein Jesus? Med både nytt og gammalt songmateriale, mykje humor og tidvis i god bedehusstil vil dei leite i kulturhistoria – og i eiga oppveksthistorie – for å teikne eit bilde av den Jesus som både dei og kanskje publikum ønskjer seg i dag.

FOTOUTSTILLING TIL ETTERLYST: JESUS

I haust kan du sjå fotoutstillinga Hvor skjer Jesus i foajeen på Det Norske Teatret. Bak utstillinga står fotograf  André Clemetsen og teolog Halvor Moxnes. Utstillinga aktualiserer tema frå framsyninga Etterlyst: Jesus. Jesus sjølv visast ikkje i utstillinga, men Jesu verdiar blir synlege gjennom menneske med ulike bakgrunn og religion. Skildringa av deira liv og innsats blir belyst med Jesus-ord. Utstillinga ønskjer å  opne  for nye innsikter og ettertanke om kva for verdiar som skal prege samfunnet.

Utstillinga er tilgjengeleg dei dagane vi speler Etterlyst: Jesus.

INNSIKT FØR FRAMSYNINGA

ved Halvor Moxnes

Dato: 7., 8. november kl. 19.15 og 19. desember kl. 19.15.

«Med Etterlyst: Jesus har Bjørn Eidsvåg skapt ei ny form for kyrkjekritikk; ein syntese av musikal, teater og vekkingsmøte rundt Jesus som treffer folk midt i hjarta,» skriv Halvor Moxnes i Syn og Segn. I haust er han aktuell med boka «Historien om Jesus» der han mellom anna ser på bruken av Jesus i nyare norsk kunst- og kulturliv. Moxnes er professor i teologi ved Universitetet i Oslo, med særskild interesse for Det nye testamentet og den historiske Jesus. Høyr han introdusere framsyninga i Bikuben.

BJØRN EIDSVÅG OG FRANK KJOSÅS I TEATERPODDEN

Ein samtale om religion, underlege teateropplevingar og aktuelle framsyningar!

Om ikkje religionane spissar vår humanitet og skjerper vår medkjensle, kva skal vi med dei da?

Etterlyst-Jesus-Det-Norske-Teatret-2016

Høyr musikken frå framsyninga:

FÅ EIN INTRODUKSJON TIL FRAMSYNINGA

Olaf Aagedal er sosiolog og har forska på bedehuskulturen. I dette opptaket kan du høyre introduksjonen hans til Etterlyst:Jesus.

LES MEIR I ARTIKLANE UNDER