Dei arvar ei verd som brenn.

Ei gruppe ungdomar tek eit oppgjer med tidlegare generasjonar. Klimaendringane er allereie store, men ungdomane veit at det verste ligg framfor dei. Kven har ansvaret? Og kor går vegen vidare?

Er mikrofonen min på? handlar om unge menneske som vil bli høyrde, men som først og fremst vil starte ein samtale og handle - før det er for seint. Medan ungdomane konfronterer dei vaksne om deira tiltaksløyse, presser deira eigne dystopiske mareritt og frykt for framtida på frå innsida. Kva skal dei seie til generasjonen som kjem etter dei igjen? Til dyra? Til naturen? Til sine eigne barn?

Vi vel ikkje å bli fødde, men vi kan velje å leve.

Tittelen Er mikrofonen min på? er inspirert av ei linje i Greta Tunbergs tale i det britiske parlamentet 23. april 2019. Framsyninga passar for både unge og gamle, og er eit himmelropande skrik om merksemd frå foreldregenerasjonen.


PÅ SCENEN
Nnennaya Sofie Ezimoha Olimb, Saara Siplïa-Kristoffersen, Oda Garnås Paaske, Melina Ismini Karantonis, Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie, Aksel Olaf Knarvik Hørnes

Framsyninga er eit samarbeid med Den Mangfaldige Scenen og er støtta av Den Unge Scenen.

Finn ut meir