Når Grethe Ryen takkar av etter eit langt liv på scenen, er det med orda til diktaren Olav Nygard, bondesonen som rakk å gi ut fire diktsamlingar før han døydde, knapt 40 år gamal.

I eit program som har fått tittelen Eit liv ønskjer Grethe Ryen å løfte fram poesien til den anerkjende, men i våre dagar nokså ukjende, poeten. Nygard tilhøyrer rett nok den sentrale norske lyrikkanon, og blei i mellomkrigstida rekna for å vere ein av våre fremste lyrikarar, men er i ferd med å forsvinne frå folks medvit.

Til Olav Nygard frå meg
Dikta dine skildrar eit liv
Med lengsel og lukke og sorg
Du fekk deg ei kjærleg viv
Men livet, det var på borg
Eg kjenner dei att, dine tankar
Når avskilen nærmar seg brått
Det er som ein stille sankar
Eit liv - som for deg blei for kort.

Livets mange fasar

Grethe Ryen har sidan ungdomsåra vore opptatt av dikt og poesi, eit uttrykk som har tiltalt henne og som har sett ord på livets mange fasar. Med Nygards dikt blir det alvor. Han blir ikkje utan grunn kalla ein dødens diktar. Med seg på scenen har ho Tov Sletta og Emil Rodrigo Jørgensen, musikar er Thorbjørn Sletta Jacobsen. Grethe Ryen vil sjølv framføre enkeltvers, men grunna sjukdommen ALS som er i ferd med å ta frå skodespelaren hennar viktigaste reiskap, stemma, er delar av teksten hennar lese inn på band.

Finn ut meir