Årets vondeste forestilling er også den viktigste

Nominert til Årets Scenekunst

En viktig forestilling

Kan kunsten bidra til å styrke demokratiet?

Ja, så avgjort, seier teatersjef Erik Ulfsby som frå 22. november er aktuell med regien på framsyninga Ein av oss. Saman med konseptkunstnaren Lars Ramberg og Ditteke Waidelich ønskjer han å forske på kva som var drivkrafta bak det kollektive traumet som ramma samfunnet vårt 22. juli 2011.

Over store delar av Europa er det krefter på frammarsj som undertrykker og stilnar stemmer som talar for toleranse, mangfald og den frie ytringa. I Polen blir regjeringa skulda for å setje mediefridom, abortrettar og homofiles rettar under press. I Ungarn tvilar stadig fleire på at demokratiet og ytringsfridomen lar seg redde. Kunstnarar i fleire europeiske land merkar aukande sensur og innblanding frå styresmaktene, og sjølv her i Noreg har ei teaterframsyning vekt stor politisk interesse og førde indirekte til at justisministeren valde å trekkje seg tidlegare i år.

Installasjonskunstverk som scenografi

Den Berlin-busette anerkjente bildekunstnaren Lars Ramberg har laga ein installasjon på Scene 2 som legg til rette for eit demokratiprosjekt. Kunstnaren, som er kjent for sine politiske og delvis kontroversielle ytringar gjennom verka sine, har laga ein installasjon som består av 469 trekassar. Desse representerer 469 «scenar», ein scene til kvar av dei som overlevde Utøya. Inspirasjonen kjem frå Speakers Corner i Hyde Park i London. I dag kjenner vi det som eit symbol for ytringsfridomen, der kven som helst kan stille seg på ein kasse og ytre seg om det dei vil. Men opphavet til denne plassen var ein rettarstad. Fram til 1783 blei folk hengde i Hyde Park. Innan dei blei hengde, fekk dei lov til å seie sine siste ord. Trekassane i framsyninga har ord brent inn i seg: «Sensur», «Anger», «Berømt», «landsmoder», «Waffen», «Waffel», «Lik og del».

- Når vi set desse kassane saman får vi ein installasjon som minner om eit regjeringsbygg eller ei form for nasjonsbygging som består av alle stemmer i eit demokrati, eit slags parlament. Blant dei viktigaste verdiane i eit demokrati, er ytringsfridom og kunstnarleg fridom. Da er det også viktig å sleppe til dei stemmene vi ikkje liker, seier Ramberg om arbeidet sitt. Førre gongen Ramberg besøkte Det Norske Teatret okkuperte han publikumsområda under speleperioden til Andre verdskrigen – natt i verda med kunstprosjektet HEIL.

Tar fridom for gitt

Fridomen og rettane som vi nordmenn ser på som sjølvsagte, er under sterkt press i store delar av den vestlege verda. Har vi nordmenn blitt så sløve at vi ikkje trur at fridomen vår brått kan bli borte? Må vi ikkje kjempe lenger mot krefter som trugar fridomen vår, eller tør vi å la vere å engasjere oss? I Ein av oss vil skodespelarar frå Noreg og Tyskland på vegner av fellesskapet drøfte desse problemstillingane. Det er ikkje Seierstads bok som blir dramatisert i framsyninga, men stykket låner tittelen frå boka.

Ein av oss / Einer von uns er ein samproduksjon mellom Staatstheater Hannover og Det Norske Teatret og hadde urpremiere ved Hannover Schauspielhaus 20. mars 2019.

fortidshåndtering på høyt nivå

Klassekampen

Sterke individuelle og universelle tilbakeblikk

Finn ut meir