Eg er vinden er eit filosofisk stykke om det utilstrekkelege ved språket, om stille, om lengta etter noko større, om mirakelet ved ein draum og om ein verkeleg kan nå fram til eit anna menneske.

Vi møter to menneske i ein båt, berre omtala som Den eine og Den andre. Den eine har alt tatt livet sitt når stykket begynner. Den andre slåst med skuldkjensle. Saman prøver dei å skape om att seglturen som enda i havdjupet for den eine. Kvifor gjorde ho det?

Saman forsøker dei to å finne form til tyngda som har råka Den eine. Men når ein ikkje klarer å møtast gjennom ord, må ein ut på djupare vatn, ut på havet. Sjølv om det er skremmande. Det er denne ferda vi er vitne til i framsyninga.

Draum og røyndom

Som forfattar har Fosse vore oppteken av den ibuande ironien i litteraturen, korleis skrifta kan sette opp eit spel mellom ulike røyster. Noko liknande kan òg skje i teaterrommet, for skodespelaren er til stades både som menneske – med oss i rommet, i den fiktive situasjonen, og i litteraturen eller poesien – som vitne til teksten her og no.

Denne framsyninga er oppteken av dette spalta nærværet, og bevegar seg mellom draum og røyndom, mellom det plumpt naive og det djupt eksistensielle, for slik å mane fram det umogelege ved å gripe tilværet. Men kanskje ligg meininga i å prøve likevel?

Eg er vinden blei laga av avgangsklassene for regi og skodespel ved Kunsthøgskulen i Oslo hausten 2020, i samarbeid med elevar frå scenografilinja ved Akademi for scenekunst i Fredrikstad og komposisjonsstudiet ved Noregs musikkhøgskule. Fagleg rettleiing var ved mellom andre Peer Perez Øian (regi), Espen Kloumann Høiner (skodespel) og Serge von Arx (scenografi). På grunn av koronarestriksjonar blei framsyninga sett av berre nokre få. Men blant dei var det medlemmar av Fossefestivalen sin komité, og framsyninga blei invitert til å spele på festivalen. Etter uteksaminering har dei nyutdanna scenekunstnarane tatt framsyninga opp att under ad hoc-namnet Kandidatene og tilpassa henne til Scene 3. Framsyninga er den profesjonelle debuten til fleire av dei medverkande.

Kva kjem etter Fosse?

Finn ut meir