«Meningen med livet, poenget med det hele, utforskes i all sin kompleksitet og enkelhet i finstemt oppsetning.»

«Eit forsiktig, men vellukka brot med Jon Fosses scenetilvising»

«Til tross for distansen er det en rytme i teksten til Fosse. Dette er noe skuespillerne gjengir godt.»

To nære venner. Dei har delt opplevingar og erkjenningar, ledd saman og vore der for kvarandre så lenge dei kan hugse. Plutseleg vel den eine å avslutte livet.

Når framsyninga startar er dei i ein båt ute på havet, der dei kjempar for å forstå kvarandre og for å skape meining. Kvifor ser dei så ulikt på verda, dei som eingong var så like? Og korleis kan dei setje ord på noko dei ikkje forstår?

Mange blir råka når ein person tek livet sitt, men dette er vanskeleg å snakke om. Samstundes treng vi eit språk for å setje ord på det vi ikkje kan fatte.

Med denne framsyninga vil vi få fram og romme ein vanskeleg og samansett tematikk frå teaterscena. Eg er vinden tek oss med på ei meiningsfylt reise gjennom vennskap og glede som blir fletta i kvarandre, slik livet sjølv faldar seg ut i greiner av hendingar. Det gjev håp og styrke til å setje ord på det uforståelege.

Med Terje Ranes og Tore B. Granås

Samtale før framsyninga

Finn ut meir