Ny dramatikk for ungdom – spelt av ungdom. Den nasjonale festivalen skjer på Det Norske Teatret frå 9. – 11. mai.

I 2019 har DUS for åttande gong hatt teaterfestivalar med ungdom i heile landet. Ungdomsteatergruppene har hatt fem nyskrivne tekstar å velje mellom, eller å nytte Blanke ark, eit konsept som ikkje er tekstbasert.

DUS arbeider for å heve kvaliteten på ungdomsteater i Noreg, og vi har sett at nivået på framsyningane har stige for kvar runde i dette vellukka prosjektet som no omfattar omlag 80 teatergrupper frå Tana i nord til Kristiansand i sør. Hovudmålet er å kunne tilby gode tekstar og konsept som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov, og å stimulere til nye løysingar for å gjere teateret til ein attraktiv arena for aldersgruppa 13-19 år. Ein DUS-runde går over to år frå bestilling av tekstar, ulike landsomfattande fagseminar, regionale festivalar og denne avsluttande festivalen med utvalde grupper frå alle dei regionale festivalane.

DUS har som mål at begge dei offisielle norske språkformene og samisk språk er representerte i tekstutvalet, enten ved bestilling av originalmanus eller i omsetjing.

Første runde i DUS blei avvikla 2004/2005. DUS blir finansiert med midlar frå Norsk Kulturfond gjennom Norsk Kulturråd. Men partnarane landet rundt skyt òg inn heilt avgjerande midlar og ressursar.

16 teaterinstitusjonar i 12 regionar er no med i DUS. Gruppene får nytte tekstane vederlagsfritt, og dei får fagleg hjelp gjennom dei regionale institusjonane.

DUS er støtta av Norsk Kulturfond

Framsyningar

Prosjektteatret

Blanke ark: Carte Blanche (grenser og respekt)
Fredag 10. mai kl 17.45
Scene 2

Vertsteater Teater Innlandet
Region Hedemark og Oppland
Prosjektteateret er ei teatergruppe som består av ungdom i alderen 15-19 år. Deltakarane går på fire forskjellige skolar i Gjøvik/ Toten-distriktet. Dei har stort fokus på å skape trygge rammer for alle og at alle skal vere deltakande i den skapande prosessen. Målet til prosjektteateret er å lage godt teater av og med ungdom.

Regissør Marianne Steinsrud
Med: Celina Berg, Aron Ødegård, Emma Frydenlund, Ida Sveum, Jakob Dyrud, Live Reiss- Jacobsen, Pernille Sørheim, Trym Winjevoll, Elisabeth Nesje Sandnes, Marianne Csirmaz Steinsrud.

Alta vgs.

Barn som leker
av Mari Hesjedal
Fredag 10. mai kl 20.00
Scene 2

Vertsteater: Hålogaland Teater
Region: Finnmark og Troms

Gruppa består av fem jenter som har reist frå Honningsvåg, Kjøllefjord og Kirkenes for å gå dramalinja i Alta. No går dei i 2. klasse og har blitt godt kjent med kvarandre. Barn som leker er ein av fire produksjonar dei har hatt i år. Dei gler seg til å spele stykket for dykk.

Regi og instruksjon: Heidi Thomassen. Med: Ine Johansen, Amanda  Maria Evensen, Cassandra Jørgensen, Une Johanne Wartiainen Amdal, Magdalena Kohram Jenssen

St. Mariekompaniet

Lik meg
av Mari Hesjedal
Fredag 10. mai kl 16.30 + 18.00
Scene 3

Vertsteater:  Østfold kulturutvikling
Region: Østfold
St. Mariekompaniet er tre tenåringsjenter frå Sarpsborg som jobbar sjølvstendig og helst på eiga hand.

Dei valde Lik meg fordi det var skrive på ein måte som gjorde det mogleg å setje sitt eige preg på det. Det passa deira arbeidsmåte og stil – og stykket var lett å relatere til.

Regi: Ida Bredholt, Frida Eriksen, Eira Sture
Med: Ida Bredholt, Frida Eriksen, Eira Sture.

Teaterzahl

Spelar Blanke ark: Skape(t)
Fredag 10. mai kl 20.00 + 21.30
Scene 3

Vertsteater Nordland Teater og Scenekunst i Nordland
Region Nordland

Teaterzahl er amatørteatergruppa på Nesna. Det er fjerde gongen dei deltek i DUS, men første gongen dei kjem til Det Norske Teatret. Ungdommane som er med i dette stykket er frå 13 til 19 år.

Regissør: Ingvild Sivertsen. Med: Erik B. Henriksen, Vinjar Lyng Ulriksen, Thea Eline J. Mehus, Martine Bye, Elise Johanne Rindahl, Vårin Lyng Ulriksen, Agate Berglann.

Lier og Røyken kulturskole

Ein ryttar nærmar seg 
av Eirik Fiske
Laurdag 11. mai kl 14.00
Scene 2

Vertsteater: Brageteateret 
Region: Buskerud
Gruppa er eit fordjupingstilbod til teaterelevar ved Lier Kulturskole i samarbeid med Røyken Kulturskole. Tilbodet er eit prøveprosjekt, og gruppa består i år av fire superdedikerte jenter som lever og andar for teater. 

Regissør: Kenneth Dypvik-Simonsen
Med: Leah Rohdin-Tvedt, Elise Hansteen-Hagen, Frida Aalborg, Nova Huus Mjøen.

Loddefjord Musikalfabrikk

Jegertimen
av Hanne Hagerup
Laurdag 11. mai kl 16.00
Scene 2

Vertsteater: Den Nationale Scene, Vestlandske Teatersenter og Hordaland Teater Region: Hordaland

Fabrikken frå Loddefjord leverer musikkteater ein til to gonger i året og held til i Kultursalen på Vestkanten. Dei har vanlegvis med fullt band, og består av ungdom i alderen 15-25 år når dei set opp sine eigne stykke. Dei har vore med på DUS fire gonger. Dette er andre gongen gruppa får æra av å opptre i Oslo.

Regissør, scenograf og kostymedesignar Greta Madsen

Med: Oliwia Wielgus, Mathilde Pisani Thorvik, Ida Jørgensen, Dennis Eliassen, Ole Golten, Mathilde Pisani Thorvik, Ole Golten, Linn Jeanette Tennebekk, Dennis Eliassen, Karoline Hjartåker, Linn Jeanette Tennebekk, Ida-Christin Handeland Madsen, Lena Margaret E. Jacobsen, Dennis Eliassen, Frida Stalheim, Joakim Bjørnevoll Træen, Martin Dyngeland, Tina Tuft Skogheim.

Harehjerte produksjoner

Blanke ark: Vi er alle helter Laurdag 11. mai kl 19.00
Scene 2

Vertsteater: Trøndelag Teater og program for drama og teater - NTNU
Region: Trøndelag

Harehjerte er ei frigruppe med 10 ungdommar frå 13 til 19 år frå Trondheim og området rundt. 

Regissør: Mari Hovde
Med: Benedicte Sofie Wold, Maria Skagen, Marit Sofie Nakstad, Liva Barck, Siver Sablagi-Eltoft, Alexander Stadsvik, Oskar Sandum, Elise Viggen, Sofia Mueller, Sunniva Dalehavn.

Rogaland BUT

Barn som leker
av Tron-Petter N. Aunaas
Laurdag 11. mai kl 14.00 + 15.30
Scene 3

Vertsteater: Rogaland Teater
Region: Rogaland

Barne- og ungdomsteatret (BUT) ved Rogaland Teater blei etablert i 1957 og har sidan laga både store og små framsyningar for barn og unge i regionen. Det er over 300 medlemmer som kvar veke går på klubb der dei lærer om teatermaskineriet. Både å stå på scenen, men også alt arbeidet rundt ei framsyning.

Regissør: Henrik Bjelland. Med: Mina Serene Flytlie, Ingeborg Skarsgaard, Tiril Østreborge, Heine Røise.

Jugendteatret

Lik meg
av Mari Hesjedal
Laurdag 11. mai kl 17.30 + 19.00
Scene 3

Vertsteater: Teatret Vårt
Region: Møre og Romsdal

10. klassegruppa på Jugendteateret er for første gong med på DUS. Å jobbe med Mari Hesjedal sin tekst har vore ei reise inn i djupna på ein teatertekst. Dei har hatt denne reisa i lag og det har gitt gruppa eit fellesskap og ein styrke dei ikkje ville ha vore forutan.

Regissør Ingeborg Dyb Waagan og Elisabeth Steffenssen 
Med: Herman Nerland Storvik, Olivia Osen, Aurora Sæther Dyb, Emil Barstad,Maja Mork Furstrand, Elise Skarbø, Thomas Ulheim, Victoria Reinseth-Tollefsen, Ludvik Skar Nilssen, Sofie Drønnen, Sigrid Dahle.