Dette barnet

  • Scene : SCENE 2
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: Noregspremiere 5. april 2019

Om den umoglege oppgåva å vere ein god forelder.

Gjennom ti novelleaktige scenar frå ulike familiar får vi innblikk i det mangfaldige forholdet mellom barn og foreldra deira.

Alle er nokon sine barn. Kvar familie har ei historie. Kvart nye barn, kvar nye familie ber i seg eit håp om ei lys framtid og ein draum om eit betre liv. Eit barn kan vere ein måte å realisere seg sjølv på, eit uhell eller eit sterkt ønske. Bandet mellom barn og forelder er evig. Verkelegheita er sjeldan slik ein drøymer om, men kan ha mange – eller færre – lykkelege augeblikk. Å oppdra eit barn er som å støype i sand: Du kan prøve å forme det i ditt bilde, sette ditt preg på det. Men det blir ofte ikkje slik du hadde sett for deg, og kan lett gå i sundt.

Dette barnet kjem til å gi meg styrke. No skal dei få sjå kven eg er. Eg skal vise dei at eg ikkje er den dei trur.

Foreldre formar barna

Forholdet mellom forelder og barn er ofte karakterisert av såra kjensler, meir eller mindre grunngitte skuldingar og brotne forventningar. I stykket blir vi vitne til nådelause oppgjer, pinlege samtalar og bisarre situasjonar. Men her er også ømheit, omsorg og kjærleik, sjølv om dette ofte kjem til uttrykk på ein måte som blir misoppfatta av den andre.

… eg har ikkje valt deg eg. Eg har ikkje valt å ha ein sånn far som deg.

Har eg valt deg, kanskje? Eg har ikkje valt å få ein slik son.

Basert på intervju

I ei blokk finn ein allslags menneske og familiar. Da den franske dramatikaren Joël Pommerat i 2002 fekk i oppdrag av ein familieverninstitusjon i Normandie å skrive eit teaterstykke om kva det vil seie å vere forelder, tok han utgangspunkt i ei bustadblokk i dette distriktet. Manuset er basert på ein serie intervju med familiar, i tillegg til tekstar inspirerte av andre forfattarar, og viser ein oppsiktsvekkande realisme. I 2006 fekk Pommerat den franske kritikarprisen for stykket, som seinare er oppført både på familieverninstitusjonar og scenar i mange land.