Terningkast fem

Med humoren i bakhånd utleverer Bjarte Tjøstheim sin angst med et hjerte som er både åpent og varmt

Terningkast fem

nær og sår teaterforestilling om livets store utfordringer

Tjøstheims fine kombinasjon av bekjennelse og utenfrablikk gir her publikum en reell innsikt

Klassekampen

Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv -  når ein inst inne er engsteleg av natur?

Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med frykt for det aller meste. Som barn blei prestesonen Bjarte krossfesta av kameratane sine i hagen til naboen på Randaberg. Denne hendinga frå barndommen forsterka den indre frykta for kva livet vil føre med seg av farar og utfordringar. Den som går med frykta får som regel bekrefta at det er god grunn til bekymring. Som til dømes då han fekk konstatert lungekreft - og hadde det i 24 timar - før det viste seg at det var ein annan sitt røntgenbilde.

Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seie han er klin kokos. Men da han først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere.

Lys i mørkeret

I soloframsyninga Det går betre no viser Tjøstheim ei ny side, og fortel personlege historier frå sitt ytre daglege og sitt indre liv. Som presteson med vaklande gudstru er håpet at englar skal komme for å redde han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med venger, eller berre med kvit frakk.

Men heldigvis, det går betre no. – Eller gjer det eigentleg det?

I samarbeid med Feelgood Scene

Finn ut meir