«Øian viser igjen hvilket bredt spekter han
har innabords da han alltid setter opp noe overraskende og nytt, samtid som at
han klarer å holde på fast signatur»

For første gong skriv Øyvind Rimbereid scenetekst. Det har blitt ein sterk og særeigen poetisk tekst om dystopi og utopi, lys og mørke. Frå før er forfattaren godt kjent for teaterpublikum frå den kritikarroste oppsettinga av Solaris korrigert i regi av Peer Perez Øian som no òg skal sette opp Den umoglege Valmuehagen.

Handlinga går føre seg i eit post-apokalyptisk samfunn under jorda der den einaste kontakten med den gamle verda er ein hemmeleg straumkabel. No leitar Sviar og arbeidslaget etter litium i dei underjordiske saltsjøane. Først når dei finn dette, kan dei gjere seg heilt uavhengige av den gamle verda. Dis dyrkar valmuane i hagen som blomstrar djupare enn nokon annan, sjølv der nede. Dis drøymer bakover, medan Sviar drøymer framover og over dei bur Ginny, ho vi berre høyrer, men aldri ser. Med Beckettske referansar, språkleg teft og sanselege metaforar inviterast publikum med under jorda.

Gå ned.
Gå under ei helle
og skrått ned i ei sjakt,
gå djupare enn grus, humus og jord,
og medan spora svinn,
gå endå litt til,
til lyden frå fuglar
blir som snø mot elv
og lukta frå by og frå blome
blir til kalkstein i ein kvelv.

Og lyset? –
Det var over alt.

Knapt ein skugge,
nei ikkje den minste skugge gjaldt!

Det var då me gjekk ned.

Øyvind Rimbereid vert rekna som ein av dei tydelegaste, mest originale og utfordrande stemmane i norsk samtidslyrikk og blei i 2008 nominert til Nordisk litteraturpris for samlinga Herbarium, som også vann Brageprisen. Han har fått kritikarprisen for Solaris korrigert (2004) og Orgelsjøen (2013).

Tekstutviklinga er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Dramatikkens hus.

Finn ut meir