Den siste kongsfesten
av Miroslaw Krleža
Åtvaring: I Den siste kongsfesten blir publikum inviterte med opp på scenen til å danse med skodespelarar, dei får tilbod om kroatiske cevapi-pølser, blir forsøkt svindla og freista til synd. Dette er ein vill og hemningslaus fest i det mørkaste, men også meir spesielle scenerommet som er laga for denne scenen. Bli med da, det blir garantert noko du aldri har sett eller opplevd før. Det heile er akkompagnert av balkanmusikk med rytmar, hjarte og smerte!
Vi er i Kroatias hovudstad Zagreb, året er 1913. På festplassen samlar byens borgarar seg til den årlege haustfesten til ære for den ungarske helgenkonge, Stefan. Kroatia var ein del av Ungarn og Austerrike-Ungarn i meir enn 800 år. Skota i Sarajevo ligg eitt år fram i tid, men spenningane og stemningane som utløyste verdskrigen pregar likevel festen. Her møtest alle som likeverdige og kastar seg ut i feiringa. Mellom dei er Janez som har fridd til Anka og fått nei. Ho går med den sterke sirkushelten Herkules. Fortvila og full henger Janez seg på byens bordell, men kjem gåande tilbake til festen som levande død, klar for ein ny runde.
Gjengangarar
Men Janez nektar å gi opp. Han har lyst på henne og må berre prøve ein gong til. Han hamnar straks i eit trekantdrama, og må sjå seg slått igjen. Det som skal vere ei folkeleg feiring med gateseljarar, sirkus og drikkebuer blir i staden skildra som ei grotesk verd på veg utfor stupet.
I denne delen av Europa har gjenferda eller gjengangarane komme og gått langt oftare enn hos oss. Kanskje lever dei tettare på vissa om at historia gjentar seg og at dei døde stig opp med jamne mellomrom for å hemne seg? Eller for å fullføre verket?
Kaos og uorden
Ivica Buljan, dramasjef ved Nasjonalteateret i Zagreb og ein anerkjent regissør i heimlandet, set i scene dette stykket som blir rekna til ein av dei sentrale klassikarane i Kroatia. Den siste kongsfesten er skrive av ein av landets mest kjente dramatikar, Miroslav Krleža, som levde frå 1893 til 1981. Gjennom sitt lange liv opplevde han store og dramatiske endringar i det sentrale Europa på kroppen. I dette tidlege stykket skildrar han med nesten profetisk skarpleik korleis alliansane i det gamle konge- og keisardømet kollapsar, og kaos og uorden gjennomsyrer stykket, som er eit av hans mest kjente ekspresjonistiske verk.
Prosjektet er ein del av ETC-prosjektet Drama Goes Digital, der Det Norske Teatret samarbeider med Nasjonalteatret i Kroatia, Hrvatsko Narodno Kazalište i Zagreb, og forskar i ny teknologi. Erik Ulfsby skal på same tid og som ein del av det same prosjektet setje opp Peer Gynt i Zagreb.