Den knuste krukka

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: 24. januar 2019

Rettssalsdrama med skjær av komikk

Stridens kjerne er ei knust krukke. Men det viser seg fort at ikkje berre ei krukke er gått i knas. Ei ung jente er også merka av ugjerningar utøvd av maktpersonar. Dommaren i saka viser seg å vere den skuldige.

I den vesle landsbyen Husum blir ei sak ført for retten. Same dag er ein utanbys inspektør på plass for å kontrollere rettspraksisen i området. Dette fører til at landsbydommaren, Adam, blir tvinga til å føre ei sak der han også er gjerningsmannen. Dommaren som kan råde over framtida til ungjenta Eva har brukt denne makta som pressmiddel for utuktige handlingar. I løpet av rettsforhandlingane blir maktmisbruk og klåfingra dommarar gradvis avkledde, medan krukka som symbol for Evas uskuld viser seg å vere umogleg å reparere.

Tysk klassikar

Heinrich von Kleists lystspel frå 1808 er blant dei mest spelte drama i det tyske teateret. Dommar Adam representerer makta i dette vesle samfunnet og blir eit symbol på det korrupte i systemet. Kleist maktar med humor og brodd å løfte fram gamal inngrodd ubalanse i samfunnet som gjer stykket relevant for eit publikum over 200 år etter utgivinga. Handlingane er velkjende. At makt kan føre til grenseoverskridande åtferd er dessverre framleis ei kjensgjerning. Dommaren får straffa si og loven blir stramma opp. Men krukka er like knust, i likskap med Eva. For skaden er skjedd og kan ikkje bøtast.

Husregissør

Regien på Den knuste krukka er ved Johannes Holmen Dahl. Hans Antigone, som hadde premiere våren 2018 på Hovudscenen, står framleis på speleplanen, no ein Heddapris rikare for beste audiovisuelle design. Johannes Holmen Dahl fekk Heddaprisen 2018 for beste regi på Glassmenasjeriet ved Trøndelag Teater. Han er no knytt til Det Norske Teatret som husregissør for ein periode på 5 år.