Colours of being
Prosjektvising av nordisk samarbeid for unge kunstnarar.
Kjøn, likestilling og sosial berekraft er nokre av dei viktigaste tema i samtida. Men ofte er temaa vanskeleg å diskutere, til og med å forstå. Unge, nordiske kunstnarar vil gjennom dette prosjektet forsøke å forstå og uttrykke dei ulike fargane i livet gjennom ulike kunstnarlege tilnærmingar.
«Colours of Being» er eit nordisk samarbeid om eit kompetansehevande prosjekt med interseksjonelt perspektiv. I fleire omgangar har unge kunstnarar møttest til erfaringsutveksling og kunnskapsdeling, for å skape fleire moglegheiter for unge kunstnarar i Norden. Nokre av fokusområda og tematikk dei har jobba med er likestilling, kjøn, sosial- og kunstnarleg berekraft.
Denne kvelden vil deltakarane vise resultatet av noko av det dei har jobba med under dei to samlingane som har vore til no, i Danmark og her på Det Norske Teatret.
Initiativtakar til Colours of being er De Unges Møde med Kunsten (Danmark) og er eit samarbeid mellom Teater Massehysteri, Undergrowth Events og Kunstbygningen Vrå (Danmak), Nordiska Högskolan (Sverige), FLÆÐI (Island) og Det Norske Teatret i Groruddalen.