Både musikk og tekstar denne kvelden har mykje av sitt opphav i ein flyktningkultur og ei flyktningkrise like dramatisk og tragisk som den vi opplever i dag, med hundretusenvis av krigsramma som søker hamn på greske øyer og på fastlandet.

Både Lakis og den greske komponisten og artisten Mikis Theodorakis, som han har samarbeidd med ein mannsalder, har det felles at mødrene deira på 1920-talet blei drivne på flukt frå dei greske busetjingane i Tyrkia.

Artistar som har samarbeidd med Lakis i mange ulike samanhengar, skodespelarar, musikarar og Sosialistisk kor, vil gjerne feire at den vitale spelemannen enno er ein virtuos, trass i sine 80 år.

Suksess med teater

Lakis si norske historie tok til i 1980 som musikalsk leiar for kabareten Snart gryr ein morgon på Den Nationale Scene i Bergen, der Svein Selvig og Sven Henning hadde plukka og omsett songar frå den allsidige produksjonen til Mikis Theodorakis. Dette blei ein suksess som seinare turnerte i to omgangar med Riksteateret, og to år seinare blei sett opp på Det Norske Teatret. Der trefte Lakis si Astrid og har sidan blitt verande på Nesodden.

Blomstrande samarbeid

Samarbeidet mellom Lakis og Theodorakis går heilt attende til plateinnspelingar tidleg på 1960-talet. og har halde fram med hundrevis av innspelingar heilt til ganske nyleg. Dei mest kjende fruktene av samarbeidet er nok hans solistiske innsats i filmklassikaren Zorba the Greek og den storslåtte kantaten Canto General, komponert over dikta til den chilenske nobelprisvinnaren Pablo Neruda.

Lakis Karnezis har i alle år vore ein strålande ambassadør for gresk musikk og songtradisjon og har samarbeidd med kor, artistar og musikarar over heile landet og på utanlandsturnear. I 2004 produserte Det Norske Teatret kabareten Bouzouki, med musikk av kjende greske komponistar og poetar, både frå tida før og etter det store gjennombrotet til Theodorakis og hans samtidige Manos Hatzidakis (Aldri på ein søndag).

Songar frå denne kabareten og andre godbitar blir å høyre på konserten vi no inviterer til.

Medverkande

Konferansier og kunstnarleg ansvarleg: Ola E. Bø

Solistar:
Lakis Karnezis
Gjertrud Jynge
Unn Vibeke Hol
Paul Åge Johannesen
Astrid Hellesen

Musikarar:
Gaute Storaas
Steinar Larsen
Ståle Sletner
Lena Rist Larsen
Birger Mistereggen

Sosialistisk kor v/ Per Arne Olsen