««Bondetinget» gjør landbrukspolitikk til engasjerende dokumentarteater»

«… eit dokuteater verdt å sjå, ikkje berre for dei som kan stammespråket, men for alle som ynskjer svar på kvifor gardane vert ståande tomme, ein etter ein»

«Forestillingen er selvsagt altfor lang. Men for en gangs skyld liker jeg at en forestilling er altfor lang»

I 2021 feirar Norges Bondelag 125 år i teneste for den frie, norske bonden. Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så få produsert så mykje for så lite.

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021. Vil bygdene våre overleve?

Framsyninga «Bondetinget» i regi av Torkil Sandsund er ei undersøking og eit djupdykk i historia med fokus på dei dramatiske 1970-åra. Vi samlast til bondeting for å granske paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata.

Stykket er i hovudsak basert på samtalar med Helge Bergo, samt bøkene hans «Norsk jordbruk – ei økonomisk slagmark» (Samlaget) og “Avviklinga av den norske bonden” (Vestlandsforlaget). Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss innom mellom anna Øksnesutvalet,  Hitraopprøret og opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar - på dialekt - deriblant Jan E. Mellbye, Einar Gerhardsen og Helge Bergo, som er ein gjennomgåande karakter i stykket.

Bondetinget er produsert/presentert av Teater Vestland.

Finn ut meir