Beatur - Master of the universe
Med soloframsyninga Master of The Universe tek musikar, DJ og islandsk meister i beatboxing - Beatur - tak i si personlege historie om å vekse opp i ein alkoholisert party-heim i Reykjavik på 90-talet.
Ei musikalsk, morosam og rørande framsyning om å oppdra seg sjølv, springe ifrå ansvar, den evige jakta etter å fylle svarte hol og ta flest mogleg snarvegar. Om å leve med sjukdomen sjølvbedrag og å miste evna til å meistre sitt eige liv.
Idé og utøvar Beatur Regissør og dramaturg Toril Solvang Manus Toril Solvang og Beatur Lys- og videodesignar Martin Flack Inspisient Siriann Petronella Berdal og Sofia Estifanos Produsent SPKRBOX ved Anja Kjærnli Turneansvarleg Bjørn Tore Grøntvedt
Framsyninga er støtta av Fond for utøvende kunstnere, Kulturrådet – Norsk-Islandsk Samarbeid og Nordisk kulturkontakt
SPKRBOX er eit kunstnarkollektiv og kulturkræsj-hub som jobbar med kulturell klassekamp som sitt øvste mål. Dei set spørsmålsteikn ved kva for historier som får plass på dei store norske scenane i dag, kven som får fortelje historiene, frå kva perspektiv blir dei fortalde og ikkje minst for kva publikum. I tillegg til å arrangere festival annankvart år, samt ha kurs, arrangement og barne- og ungdomsaktivitetar, produserar SPKRBOX også eigne framsyningar som Blokk til Blokk, Isbilen, Superkid og BEST. I 2024 markerer SPKRBOX 10 år med fleire framsyningar og arrangementa gjennom heile året: - Og vi håpar du vil feire med oss! Velkommen!