Terningkast fem

Fortettet og intens

Han (Magne Håvard Brekke) er alene verdt turen i teatret

Modig Fosse-løft

Ei av vår tids mest markante litterære forteljingar i ein musikalsk sceneversjon.

Jon Fosse fekk Nordisk Råds Litteraturpris for trilogien Andvake – Olavs draumar – Kveldsvævd. Verket har trollbunde publikum over heile verda, og heile trilogien blir no teater.

Det er seinhaustes og Alida og Asle er komne til Bjørgvin for å finne ein stad å vere. Alida er høggravid, men ingen vil gi dei rom. Vi følgjer parets kamp for å finne ein stad å føde, og korleis dei på ulikt vis blir innhenta og stilt til ansvar for vala dei tek undervegs.

Musikalsk tonefølgje

Andvake-trilogien er forteljinga om ung kjærleik i ei ugjestmild verd, om kjærleik som sprenger sin eigen veg, og om kjærleik som overlever sjølve livet. I bakgrunnen syng dei bibelske referansane. Dette er også ei forteljing om klasse og eit tidsbilete som rommar den mystikken og musikaliteten som særmerkjer Fosse. Ho blir tonesett av dei tidlegare festpelkunstnarane Trio Mediæval. Levande folkemusikk blir også eit sentralt element med felespelaren Erlend Apneseth på scenen. Det er duka for ei heilt spesiell musikalsk teateroppleving når dette verket for første gong møter scenen i fullversjon.
Framsyninga blir presentert av Hordaland Teater i samarbeid med Den Nationale Scene og Festspillene i Bergen.

mange vakre bilder

Finn ut meir