«Fascinating, multilayered play»

«This is a timely piece, putting contemporary Europe in direct conversation with its past at a time when those demons are reawakening»

Fortida kan kaste lange, mørke skuggar over notida. I teaterstykket Amsterdam utløyser ei gassrekning frå krigens dagar ei rekke urovekkande tankar hos personen som får denne i posten.

Ein israelsk fiolinist, busett i ein av dei trendye bustadene langs dei vakre kanalane i Amsterdam, er gravid i niande månad. Medan ho ventar på fødselen, går dagane med til innkjøp, svangerskapskontrollar og samtalar med agenten. Heilt til den dagen naboen stikk ei straumrekning under døra. Ettersom nederlandsken hennar ikkje er særskilt stødig forstår ho ikkje heilt kva som står der. Men ved hjelp av ein innfødt oppdagar ho til sin skrekk at dette er ei gassrekning, pålydande 1700 euro, og at den er datert 1944. Assosiasjonen til gass og datoen gir sjølvsagt grunn til å knyte det til Holocaust.

Mysterium frå krigen

Rekninga blir mest som eit puslespel; kven var den eigentleg meint for, og kvifor er den ikkje betalt? Den endelege summen inkluderer purregebyr for sein betaling, og tilsynelatande har denne rekninga blitt send regelmessig gjennom åra. Dette bakteppet utløyser ei rekke tankar hos den gravide, om kollektiv identifikasjon, om framandgjering og kjensla av ikkje å høyre til.

Antisemittisme i dag

Fortida kan ofte kaste lange, mørke skuggar over notida. For det jødiske samfunnet har denne heimsøkinga vist seg å kunne ha fryktelege psykologiske konsekvensar. Frykta har blitt forverra i tider med auka antisemittisme. Med stykket Amsterdam har den israelske dramatikaren Maya Arad Yasur både ønskt å undersøke jødisk identitet i dag og å granske skjelett i skåpa frå det nederlandske krigsoppgjeret. Korleis fargar historiske hendingar erfaringar gjort i notida? Stykket hadde urpremiere ved Haifa Teater i Israel i 2018, og fekk europapremiere ved Orange Tree Theatre i Richmond, England, i 2019.

På Det Norske Teatret er regien ved Rebekka Nilsson som har utdanninga si frå Academie voor Theater en Dans i Amsterdam. Ho var ferdig våren 2020 og sette i fjor opp Den minste engelen på Scene 3.

Finn ut meir