Abrahams barn
av Svein Tindberg
Svein Tindberg manar til forsoning mellom dei tre verdsreligionane; jødedom, islam og kristendom.
Tindberg har i over 20 år arbeidd med teaterstykke med religiøs tematikk. I Abrahams barn framhevar han dei verdiane som er felles og sameiner alle truande i dei tre store verdsreligionane – jødedommen, islam og kristendommen. Tida viser for alvor viktigheita av å finne saman trass i kulturkonfliktar og religiøs strid. Tindberg inviterer til ei innføring i religionar vi kanskje ikkje visste hadde så mykje til felles. Forteljarkunsten hans har gitt meir enn 100.000 publikummarar gleda over å finne ein fellesskap i ei verd der polariseringa mellom religionane blir stadig sterkare. I juni 2023 gikk Svein Tindberg av som fast tilsett skodespelar, og framsyninga blei pakka ned for godt. Men hendingar i den seinare tid har gjort at bodskapen i Abrahams barn gjerne blir formidla igjen, og derfor kjem framsyninga no igjen på teaterets repertoar.
Tre religionar - ei bok
I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa er av relativt ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvendt. I dag lever fleire og fleire muslimar som minoritetar i eit Europa som er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, der fleirtalet reknar seg som kristne.
Heddaprisen 2012 for Årets framsyning.