Bakgrunnsartikkel

Victoria Meirik, regissør

Det å ikkje fikse tinga, å kjenne seg mislukka eller utafor, er ein del av livet, seier regissøren for Vår vesle.

Eg har ei kjensle av at det i dag ikkje er nok rom for det som er uordna. At det er unormalt å ikkje klare alt. Det kan vere skremmande, og det kan kjennast som eit tap, ja visst. Men vi menneske må jo tole å gå på trynet. I alle fall må vi tole at livet kan vere komplisert.

I Vår vesle har hovudpersonen tilsynelatande alt. Ho er ressurssterk, har ei interessant utdanning, ho har reist rundt i verda og har ein god familie. Likevel taklar ho ikkje motbør. Ho blir overvelda av livet og reiser heim til foreldra. Tilbake til start, på ein måte. Kva var det som skjedde, spør dei seg? Har vi gjort noko gale? Ofte leitar vi menneske etter enkle svar på komplekse problemstillingar. Var det kjærasten? Åt ho ikkje rett mat? Var det den nye jobben? Vi ser i stykket korleis dei rundt henne blir prega av situasjonen hennar. Dramatikaren Kristin A. Danielsen har klart å skape eit ordrikt og tidvis morosamt språk for å gripe problemet, eit problem som jo eigentleg manglar språk, men som veldig mange kan kjenne seg igjen i.

Eg har tatt meg sjølv i å tenkje at det kunne ha vore meg. Og har jo kjent på det same: Er det her eg skal vere? Men eg seier som ein av skodespelarane: Eg er frå ein generasjon der melankoli nærmast var hipt. Vi skulle ikkje vere så polerte og vellukka. Var du smådeppa, gjekk i svart og høyrde på litt mollstemt musikk, hadde du liksom skjønt noko. I dag ser alle så fine og sunne ut. Men sjølv om ungdomsmiljøa verkar både opne og vakre, så verkar det som det er mange som likevel ikkje taklar å falle i eit tomrom i periodar av livet. Vi prøver å finne eit språk eller eit uttrykk for den nummenheita som oppstår når livet bankar på og ein famlar etter svar på korleis ein skal komme seg vidare.

FORTALT TIL Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter