Bakgrunnsartikkel

Renate Reinsve, skodespelar

Det er djupt tragisk, på ein teit og ekstremt morosam måte, seier skodespelar Renate.

Tusen takk teater er litt vrient å sette ord på, men handlar om ein håplaust einsam mann med positiv innstilling til absurde, teite og vonde situasjonar i livet. Han koplar mange situasjonar, symbol og bilde som fungerer som kontrapunkt. Eg trur det vil skape rike assosiasjonar hos publikum.

Situasjonane kan vi alle kjenne att. Det å forhalde seg til eit byråkrati for eksempel. For å få eit stort system til å fungere, som Byantikvaren (som eg har hatt mykje med å gjere, hehe), eller ein stor kunstinstitusjon for den del, må ein ha visse måtar å gjere ting på, så det ikkje skal bli kaos. Samtidig kan desse strukturane også stå fram som lett absurde eller vere direkte til hinder for det systemet er meint å vere til hjelp for. Plutseleg blir det ikkje plass til å vere menneske, eller til å lage kunsten ein sette seg føre å lage. Systemet bryr seg ikkje om kor store kunstnarlege verdiar som ligg i eit prosjekt, men om dei verdiane som kan målast, pengar og publikumstal. Så blir det ikkje alltid plass til dei underfundige, rare, ekstra fine prosjekta som fortel kor paradoksalt det er å vere eit menneske. Verkelegheita står i nokre tilfelle i fare for å bli redusert til skinande, vakre feilfrie folk. Eg går på veggen berre eg tenkjer på det.

Eg trur stykket handlar litt om at det må vere plass til å vere stygg og teit og slem og egoistisk, la seg sjølv romme det også. I tillegg til alt det fine og vakre ein blir hylla for å vere. Gi deg sjølv plass til å vere heilt på trynet. Regissøren har kalla framsyninga «Ei sardonisk [krampaktig; hånleg, bitter, red. anm.] kjærleikserklæring til livet». Eg trur kjærleiken ligg i humoren. I det å sjå det morosame i det ekle, det plumpe, i situasjonar som kan vere ekstremt vonde. Eg synest dette gjer livet veldig poetisk og vakkert.

FORTALT TIL Åsne H. Dahl Torp FOTO Siren Høyland Sæter