Bakgrunnsartikkel

Rein sjoko-magi

Når Vidar Magnussen no skal hoppe etter seg sjølv, gjer han det med det beste i verda –sjokolade. Etter debuten med The Book of Mormon, skal han igjen fylle Hovudscenen med godsaker. Det blir alvor, fjas, dans og song i den storslegne musikalen Charlie og sjokoladefabrikken.

Dei siste par åra har vore hektiske for trebarnsfaren frå Bergen. Ikkje berre debuterte han som regissør med den mest besøkte teaterframsyninga i norsk teaters historie. Han har skrive, produsert og spelt hovudrolla i Magnus, fjernsynsserien som NRK sine sjåarar har trykt til bringa. Han har skrive og spelt humorshowet Calle og Vidar. Sammen igjen, for første gang sammen på Latter. Han har spelt inn sjuande sesongen med Side om side. Han har arbeidd med manus til oppfølgjaren av Magnus. Og mellom slaga har han rokke å gifte seg, gå den raude løparen i Cannes og førebu Willy Wonkas inntog på teaterscenen.

- Eg skal ikkje legge skjul på at det har vore hektisk. Heilt i overkant hektisk, faktisk. Men mest av alt, veldig gøy. Å få tillit til å lage så mykje rart som stort sett har sitt utspring i mitt eige hovud, er jo heilt vilt. Det er mange risikable prosjekt, som kostar mykje pengar, så det er klart eg må jobbe hardt for ikkje å gjere meg bort, seier han med eit balansert flir.

Hovudarbeidsgivaren er NRK, dit han gjekk etter skodespelarjobben ved Det Norske Teatret. Men Magnussen er ein ettertrakta kar og mange vil ha ein bit av overskotet og galskapen hans. Sjølv om han for dei aller fleste er kjent frå tv-ruta, er han eigentleg ein teaterets mann og gler seg over å komme tilbake til manesjen.

Vidars førre teateroppsetning var også debuten som regissør, og blei ein braksuksess. Foto: Fredrik Arff.

Søtt, salt og syrleg eventyr

- Det skal bli ein konfekt av ei framsyning, men ikkje alt i eska blir servert. Vi må jo bevare mystikken i forteljinga, seier Vidar Magnussen. – Roald Dahl presenterer eigentleg ei ganske brutal verkelegheit, det er som om han syner oss den eigentlege verda i eventyrformat. Det finst kjipe folk, og det finst snille folk. I Charlie og sjokoladefabrikken må dei slemme bøte hardt med liv og lemmer, og historia er ganske klar på at det løner seg å vere snill. Men det er jo der eg likar meg veldig godt. I det at det ikkje må bli for snilt. Ein må tore å leve i det litt skumle og uføreseielege, seier Vidar Magnussen som frå kollegaer og venner blir omtala som ein snill kar.

- Ja, i gitte samanhengar er ein god omgang juling det einaste rette, ler Vidar Magnussen. - Det trur eg alle kan tenke, både barn og vaksne. Men dei som skal spele ungane som vinn gullbillettane i framsyninga er vaksne, så eg kan verkeleg ta den heilt ut. Den einaste ungen på scenen er den nydelegaste, snillaste av dei alle, altså Charlie.

- I barnelitteraturen er denne moralske orienteringa ikkje heilt ukjent. Sjølv fekk Vidar Magnussen Heddaprisen for tolkinga av seremonimeisteren i Shockheaded Peter, ein fabel som til fulle skildra korleis det går med ungar som ikkje lyder foreldra sine velmeinte råd. Det groteske og overdrivne er også i Charlie og sjokoladefabrikken med på å drive opp spenningsnivået.

- Willy Wonka er merkeleg; høg, tynn, eksentrisk, men òg ein barnsleg, briljant og nytenkande forretningsmann. Han er geniet, som åleine har revolusjonert godterimarknaden til høgder som fører til utstrekt industrispionasje. Han lukkar derfor dørene til fabrikken og mistar kontakten med omverda, dagleglivet og familien. Han blir ein sær einstøing, ein mystisk og gåtefull mann, som ingen i byen riktig kjenner.

Vidar Magnussen som Seremonimeisteren i den skumle musikkteaterframsyninga Shockheaded Peter, som også handla om uskikkelege barn det gjekk riktig ille med. Foto: Fredrik Arff

- Viss du kapslar inn talent og fri tilgang til alle verdas og eventyrets ressursar, så får du Willy Wonka. Ein som har ei perfekt leikegrind, og som ikkje kjenner grenser. Men så får du dei svakheitene det medfører på kjøpet, seier Vidar som har klare tankar for korleis han skal løyse oppgåva scenisk.

- Viss eg skal seie at eg har opparbeidd meg nokon filosofi rundt det å vere regissør, basert på den eine erfaringa eg har, haha, så likar eg best å ta utgangspunkt i det reine ved historia. For min del, og her snakkar eg berre for meg sjølv, så likar eg når vi nærmar oss det klassiske, det enkle og det sanne. Får ein ikkje tak i det, så har ein ikkje eit stykke.

- Willy Wonkas sjokoladefabrikk er ein underleg stad. Den er morosam og rar, frydefull og skummel. Etter ein turbulent og dramatisk periode i luftforsvaret under andre verdskrigen, entra Roald Dahl barnelitteraturen med sine energiske, ville og grufulle historier som gjennom generasjonar har fengsla ungar over heile verda. Dahls forteljingar skildrar gjerne i ein lett og leiken tone det spenningsfylte i barns møte med vaksenverda. Dei vaksne er gjerne overtydeleg gode eller vonde. Ofte har ungane eit vanskeleg utgangspunkt og må kjempe mot groteske, kanskje vondskapsfulle vaksne som ikkje vil dei vel.

- Jo, eg er kanskje det, medgir han. - Men eg har veldig sans for å kunne leve ut det faktum at ein tenker tankar som ikkje alltid er like reine. Eg har jo barn. Og viss ein dag ut og dag inn opplever barn – som jo har sine reiser for å bli fullverdige og gode, empatiske menneske – så må ein gjennom periodar med utfordringar. For å bøte på dei ureine tankane, kan det av og til vere til god hjelp å lene seg mot fantasien; det der er jo eit klæssetryne. (Bergensk for nokon ein vil klabbe til – red. merk.) Den ungen må eg jo berre klæsse! Men det stoppar med tanken. Alle ungar finn glede i å vere rampete. Men det er også ein viss fascinasjon for å sjå dei uhøflege og frekke få ei brutal og ufråvikeleg straff.

Vidar Magnussens første sngasjement ved Det Norske Teatret var som grashoppe i Felix fantastiske orkester. Foto: Dag Jenssen.

Mørke fantasiar

Roald Dahl skriv gjerne frå barnas synsvinkel, han karikerer dei vaksne og syner korleis barn vegrar seg mot disiplin og gjer opprør mot autoritetar. Likevel evnar han å lage fantastisk humor av situasjonar som ikkje er meint for å ta lærdom av eller å vere oppbyggelege for dei minste. Vidar Magnussen er overtydd om at ungar vil fryde seg over å sjå at dei slemme får som fortent.

Godteriets supernerd

- I Charlie og sjokoladefabrikken er grunnforteljinga ei enkel historie om eit barn som opplever motstand i alt. Han lever i ingen ting, men trass i det har han klart å bevare ei uskuld og ein positivitet i seg. Gjennom gullbilletten til Wonkas sjokoladefabrikk møter han ei magisk verd. Han blir lagt merke til av ein rar mann, nokre kjipe barn blir rydda av vegen og så får han heile fabrikken. Det er ei interessant historie å ta til teateret, og ho er enkel. Og viktigast av alt, ho opnar for at ungane sjølve kan dikte vidare. Roald Dahl var opptatt av at barn skulle oppleve magi, eg vil gjerne lage ei framsyning som Roald Dahl ville ha likt å sjå, avsluttar Magnussen.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter