Bakgrunnsartikkel

Provokatør og levemann

Frank Wedekind kom frå overklassa, og blei etter kvart skodespelar og dramatikar. Han hang med hang med kunstnarar, sirkusartistar og prostituerte. Han blei ein av dei viktigaste kunstnarlege drivkreftene i tysk teater på byrjinga av 1900-talet, og var heile sitt liv oppteken av tematikken i debutstykket Vårløysing.

Frank Wedekind (1864-1918) var ikkje eit spesielt allment kjent internasjonalt teaternamn før musikalen Spring Awakening hadde Broadway-premiere i 2006. Musikalen er basert på stykket Vårløysing (Frühlings Erwachen) og var Wedekind sitt debutstykke som han skreiv da han var rundt 26 år. Wedekind er kanskje mest kjent for det norske teaterpublikummet gjennom Lulu-stykka, mellom anna Pandoras eske – ein monstertragedie som seinast blei spelt på Nationalteatret i 2013. I Tyskland er han derimot ein sentral og kanonisert skikkelse i utviklinga av det ekspresjonistiske og episke teateret, og kjent for sine satiriske publikasjonar.

Familieliv og oppvekst

Far til Wedekind var utdanna gynekolog og emigrerte til San Fransisco etter den mislykka marsrevolusjonen på midten av 1800-talet. I USA opparbeidde han seg ein stor formue og gifta seg med dottera til mannen som fann opp fyrstikkene, Freidrich Kammer. Familien vende attende til eit uroleg Tyskland, og Wedekind blei fødd i Hannover. Det skulle ikkje ta lang tid før familien emigrerte på ny, denne gongen til Sveits i rein opposisjon mot det nystifta Preussen-riket. Der vaks Wedekind opp i eit stort slott som faren hadde kjøpt. Etter at han hadde fullført vidaregåande skole studerte han tysk og fransk litteratur, men etter farens klåre anbefaling reiste han til München for å studere jus. Av alt München hadde å by ein ung, kunstinteressert mann var det ikkje jus-studiane som fekk mest merksemd, og Wedekind verka som journalist og reklamearbeidar, mellom anna for suppeprodusenten Maggi.

Framsida til originalutgåva av manuset til Vårløysing, som kom ut i 1891.

Sirkus og satire

På fritida oppsøkte han sirkuset og hang med kunstnarar og sirkusartistar. Den spesielle interessa for sirkus prega han i ein mannsalder og han var sentral i utviklinga av den tyske kabareten, der han seinare i livet også medverka som skodespelar og songar. Han publiserte ei rekke satiriske og samfunnskritiske tekstar som utfordra, provoserte og latterleggjorde. Han starta det satiriske magasinet Simplicissimus og blei i ein alder av 34 år dømt og sett i fengsel etter «lése-majesté»-paragrafen. Dette var eit vendepunkt i livet som bidrog til at han for alvor gjekk inn i teaterverda. Han blei tilsett som dramaturg ved Munich Schauspielhaus og heldt fram med å skrive og omarbeide tekstar.

Frå kyrkjegardsscenen i uroppføringa av Vårløysing i 1906, sett i scene av den legendariske teaterregissøren Max Reinhardt i Berlin. Frank Wedekind som Den maskerte mannen i midten av bildet.

Kunstnarlivet og teater

Farens borgarlege oppseding og kontrastane mellom juridikum og «det gode liv» kan sjå ut til å ha vore eit viktig omdreiingspunkt for dramatikken. Moral og særleg seksualmoral er tema som går igjen. Vårløysing er også eit godt døme på ytringstrongen og den utfordrande tonen. Ung seksualitet, sadomasochisme, homofili, valdtekt, sjølvmord og abort er berande tematikkar saman med ein skarp kritikk av den borgarlege moralen og utdanningssystemet. Wedekind dukka også ofte sjølv opp som skodespelar i oppsetjingar av eigne tekstar. Han utfordra vidare dei naturalistiske spelekonvensjonane i teateret og bana veg for eit anti-illusjonistisk teater. Det spissa og særleg samfunnskritiske innhaldet gjorde han til ein kontroversiell dramatikar. Det verkeleg store gjennombrotet hans kom i perioden 1910 – 1914 da Wedekind-syklusen blei vist på Deutches Theatre i Berlin i regi av Max Reinhardt. Han levde sjølv eit utsvevande liv og hadde barn med fleire partnarar og omgang med prostituerte. Wedekind døydde etter komplikasjonane av ein blindtarmoperasjon og er gravlagt i München. Mallom dei som viste han si siste ære, var mellom andre Bertholt Brecht.

TEKST Anders Hasmo

Vårløysing blei første gongen sett opp ved 39. Street Theatre i New York i 1917. Framsyninga blei skulda for å vere pornografisk, og blei nær stansa av myndigheitene. New York Times teaterkritikars dom, var at framsyninga var ein "smaklaus oppsetjing av ein dårleg omsett versjon av det første og mest feira teaterstykket av den brilliante Frank Wedekind".