Skodespelar niklas gundersen: eg ser på martin kolberg som ein person som får ting til å skje

45 år, skodespelar og dansar. Aktuell som leiar for Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Martin Kolberg, i HALVE KONGERIKET og Bagge i FUGLETRIBUNALET. Politikarar er mykje kulare enn dei fleste trur. Eg ser på Martin Kolberg som ein person som får ting til å skje. Ein slags grå eminense, den eigentlege sjefen for det heile.

45 år, skodespelar og dansar. Aktuell som leiar for kontroll- og konstitusjonskomiteen på stortinget, martin kolberg, i halve kongeriket og bagge i fugletribunalet. .

Politikarar er mykje kulare enn dei fleste trur.
Eg ser på Martin Kolberg som ein person som får ting til å skje. Ein slags grå eminense, den eigentlege sjefen for det heile. Ein må nærme seg med litt respekt, når ein skal spele ein reell person. Eg har funne nokre trekk som eg har vald å ta med meg. Vi skal ikkje bli prikk like, men fortelje ei historie der karakterar frå verkelegheita er med. Min versjon av Martin Kolberg er tørr, korrekt, og likevel litt pompøs.

Eg har snakka med ein tidlegare statssekretær om korleis jobben og maktforholda er. Eg har møtt ein del politikarar gjennom konas jobb ved statsministerens kontor, og eg vil seie at dei stort sett er mykje kulare enn dei fleste trur. Høgst levande menneske. Ikkje så ulike oss skodespelarar, faktisk. I Halve kongeriket skal vi vise ein litt overdriven versjon av korleis livet inne på Tinget kan arte seg.

Kontroll-og konstitusjonskomitéen på Stortinget på jobb i asylbarnsaken våren 2015. Foto: Stortinget.

Eg har spelt tallause dyr og underlege karakterar, og eg elskar å forvandle meg. Men dei siste par åra har eg kome meg ut av ein bås eg har vore i, ein slags morosam-ekspressiv-bås. Eg har fått gjort meir drama og samtidsteater. Eg har spelt ein treåring. Eg har spelt ein mann av i dag på min eigen alder for første gong! Det har vore fint.

Are Kalvø lagar humor med hjartet. Halve kongeriket er som ei kjærleikserklæring til Mette-Marit, Haakon, Harald, Sonja, norske politikarar og det norske folk. Det handlar djupast sett om toleranse og at ting ikkje alltid er slik ein trur. Vår Martin Kolbergs drivkraft er faktisk kjærleik. Bak tørre protokollar og sakspapir ligg det nemleg erotikk og dampande kyss...

Fortalt til Åsne H. Dahl Torp