Bakgrunnsartikkel

Magnus Myhr, koreograf

Vondskap er noko menneskeleg, seier koreografen for Macbeth.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Samstundes er ingen fødde vonde. Det interessante er å prøve å forstå ekteparet Macbeth og vala dei tek. Alt ein gjer lagrar seg i kroppen, og det er min inngang til arbeidet med dette stykket. Det er viktig at det ikkje blir ein karikatur på vondskap.

Det første eg sa til regissør Peer Perez Øian, var at «DU treng jo ikkje koreograf!». Eg har kjent han lenge og sett mykje av det han har hatt regi på, og det som er så fint er at det han gjer er så utruleg gjennomanalysert. Eg arbeider intuitivt. Han er på mange måtar min rake motsetnad. Eg kan kaste ut ein ide, så kan vi diskutere, prøve det ut og så eventuelt justere. Eg kan seie sånn «herregud, kan dei ikkje berre ligge og rulle litt på golvet der?» Og så prøver vi det ut. Peer er utruleg leiken, og det er eit veldig fint samarbeid.

Preben Hodneland i rolla som Macbeth.

Koreografi er for meg samansmeltinga av kropp, rom, lys og lyd. Eg er ikkje interessert i å koreografere dansenummer, og eg er allergisk mot å skulle trumfe dans inn i teateret. Eg trur ikkje nødvendigvis publikum kjem til å sjå at det har vore ein koreografi inne i denne produksjonen, og det tenkjer eg er ein god ting. Mitt mål er å vere med på å skape ei oppleving der kropp og tekst utfordrar og komplementerer kvarandre og gir dette fantastiske stykket fleire nyansar.

Eg er oppteken av kjønn, identitet og oppvekst i arbeidet mitt. Å ha kjønnsperspektivet med seg inn i teateret er heilt naudsynt i dag. Ein må utforske og utfordre kjønnsrollene. Det er mykje gammalmannsteater ute og går. Men eg meiner at så lenge ein prøver å lage heile menneske på scenen, så vil ein ikkje ende opp med kjønnsstereotypiar. Men ein må vere bevisst. For teateret skal ligge i framkant. Eg tenkjer på teateret som ein framtidsspegel, og da må ein vere medviten om at dei vala vi tek på scenen, betyr noko.

FOTO Siren Høyland Sæther