Bakgrunnsartikkel

Kristoffer Olsen er Mackie Kniven

- Eg har ikkje noko kynisme-filter. Det passar jo til karakteren.

Da han første gongen festa mormonarskiltet på brystlomma og steig ut på Hovudscenen, hadde publikum knapt høyrt om han. Innan den første speleveka var omme, var han portrettert i Aftenposten og systemet på teateret hadde knelt to gonger under eit billettrush norsk teater ikkje hadde vore vitne til tidlegare. Kristoffer Olsen var mannen som reiste heim frå London for rolla som Eldste Cunningham og tok musikal-Noreg med storm. No er han aktuell som Mackie Kniven i Tolvskillingsoperaen, den farlegaste mannen i byen, mistenkt for mord og vinningsbrotsverk.

Ulike utfordringar

- Eg trivst i det store spennet. Det er kontrastane i rollene som gjer arbeidsdagen interessant, seier Kristoffer Olsen.

Det er berre nokre dagar sidan han fekk beskjeden om at det er sjølve Mackie han skal arbeide med denne våren, ein jobb han går til med mykje energi og overskot. I to heile sesongar trekte han og ensemblet over 213 000 publikummarar til The Book of Mormon. Han har også rokke å levere ei overtydande tolking av David Bowies All the young dudes i Lazarus og har gledd titusenvis av unge og gamle barn som den glupske Augustus Gloop i Charlie og sjokoladefabrikken.

- Det er unekteleg eit sprang derfrå til Brecht. Men eg trur eg vil finne glede i det landskapet også.

Frå The Book of Mormon (2017) som blei spelt på teateret i to år og blei Kristoffer Olsen sitt definitive gjennombrot i rolla som Eldste Cunningham. Her i lag med Eldste Price (Frank Kjosås). Foto: Fredrik Arff

Kristoffer Olsen skulle eigentleg bli songar og studerte ved Musikkonservatoriet i Agder i to år med ei murrande kjensle av at noko ikkje stemte. Den matematiske tilnærminga til faget var ikkje noko han let seg rive med av og ein søknad over til humanistiske fag var på veg, da han fekk spørsmål om han ville vere med i Tommy, musikalen som The Who skreiv på 60-talet. Kristoffer Olsen fann der ein stad han kunne dyrke musikkinteressa si og etter to år på Bårdar Akademiet gjekk turen til London og vidare utdanning ved The Gilford School of Acting. Han hadde vore åtte år i London da telefonen kom frå Det Norske Teatret.

Mimmi Tamba og Kristoffer Olsen ser på kostymeskisser under leseprøven på Tolvskillingsoperaen. Foto: Maiken Mathisen

Grenselaus råskap

- Det vi opplevde med The Book of Mormon er eigentleg ikkje noko ein skodespelar kan forvente å få med seg i karrieren. Det var jo stas, sjølvsagt. Men no gler eg meg til å gjere noko heilt anna. Skjønt, eg går jo frå religionskritikk til samfunnskritikk, ler Kristoffer.

Mackie Kniven er ei rolle mange har eit forhold til. Korleis Kristoffer Olsen skal forvalte rolla, er tidleg å spå om. Men regissøren Tore Vagn Lid arbeider utradisjonelt og kan både splitte rolla på fleire, eller flette inn uventa moment, noko som gjer at Kristoffer Olsen vegrar seg for å seie for mykje.

- Regissøren har ein tydeleg plan på kva han vil formidle. Eg har ikkje arbeidd med Brecht før, men har lytta til Weills musikk og skal endeleg få høve til å dykke ned i den. Eg trur vi må utforske kva det er som gjer Mackie sjarmerande, når han eigentleg er så ufyseleg – i det han gjer og det han seier, seier Kristoffer Olsen. - Han er ein klump av grenselaus råskap, no må vi berre jobbe for å få fram korleis denne råskapen ser ut reint fysisk.

Kristoffer Olsen i rolla som Augustus Gloop i Roald Dahls Charlie og Sjokoladefabrikken (2019). Foto: Erik Berg.