Bakgrunnsartikkel

Kontroll og kaos

Når Robert Wilson lagar teater av den norrøne gudeverda, møtest minimalisme og overraskande innfall.

TEKST Bår Stenvik TIL NYNORSK VED Arne Torp FOTO Siren Høyland Sæter

Fjerde mai, 2016: Idet Robert Wilson kjem inn i prøvesal 1, hoppar skodespelar Joacim Rafaelsen paradis. Tenksamt og metodisk hinkar han bortover, stoppar og let det eine beinet henge kokett i lufta. Lenger bak øver Frode Winther på sine nøye koreograferte rørsler, han går som ein robot med ein papp-hammar i handa. Golvet under føtene deira er delt inn i eit rutenett, kvart steg og kvar rørsle skal gjerast på eit fast punkt på scenen, og det heile blir filma på video, så skodespelarane kan sjekke rørslene sine og øve etter at Wilson har dratt frå landet, før han kjem tilbake om åtte månaders tid. Da skal alt sitje.

Desse to vekene i mai er Stage 2 av produksjonsprosessen med EDDA, og alle snakkar om Wilson og metodane hans i korridorane og utanfor. Nokre fortel at berre dei næraste tør å snakke med han. Andre seier han er ein triveleg og raus kar. Eg får både høyre at han styrer alle detaljar og at han er flink til å sleppe andre til. Kanskje er det slik med alle som er så kjende og har så lang karriere som Wilson, at mytane veks i alle retningar. Før EDDA-laget kom til Noreg, hadde dei allereie hatt ei arbeidssamling i Wilsons eige «laboratorium» Watermill, i New York, der dei valde ut materiale frå dei norske gudesegnene i Edda, gjendikta for Det Norske Teatret av Jon Fosse. Etter prøvene spør eg Wilson om det er sant som eg har høyrt, at han har som prinsipp å aldri lese tekstane, men får andre til å gjenfortelje dei for seg.

– Eg aner ikkje kor du har det frå, svarar han. – Eg arbeider kollektivt, og vi snakkar ope om tekst, bilete, lyd, musikk, lys og fargar.

Saman med eit kreativt lag jobba han fram visuelle forslag og skisser til alle scenene, inspirert av alt frå bilete av bombenedslag i Beirut til kvalfangst, fotorealistiske hestemaleri og vikingskipmodellar frå London.
All stor kunst har eit barn i hjartet sitt.
Edda fasinerte meg fordi det var ei gammal nordisk forteljing, ei verd som var ukjend for meg.

Med seg til Oslo i mai hadde Wilson og laget hans eit vakkert kompendium med visuelle referansar til koreografi, scenografi og kostyme.

Frå dei tidlege prøvane i mai 2016. Foto: Inga Aleknaviciute.

Unaturleg teater

Dei første skodespelarane ut på golvet i prøvesalen er Marianne Krogh og Frode Winther, presenterte av Sigve Bøes stemme over høgtalarane: «Sjå der Odins kone, ho som kjenner lagnaden like godt som Odin (…) Tor er den sterkaste guden, Tor med hammaren Mjølne. Du har vel høyrt tora skralle?»

Tor rører seg stivt, som ei action-dokke, han smiler breitt og slår med hammaren, mens Frigg skrik lydlaust. Begge følgjer rutenettet på golvet nøye, og ser mest ut som mekaniske figurar i eit klokkespel.

«With thunder there,» seier Wilson. Ein torelyd kjem over anlegget.

«Nei, ikkje torelyd – den er for naturleg,» seier han.

Ein meir syntetisk smell lyder gjennom rommet.

«Meir som ein gammal lydeffekt, da dei laga uvêr med blekkplater. Det må vere skikkeleg gammaldags. For da er det morosamt.»

Dei prøver scenen igjen.

«Crash!» roper Wilson. «Crash!»

Han snur seg mot pianisten og fiolinisten som speler ein nesten orientalsk melodi.

«Kan du gjere det meir dramatisk?»

Pianoet får fart på seg, og dramatiske triller raser opp og ned tangentane.

«Enda meir dramatisk, super over-the-top!»

Så til lydmannen:

«Crash! Crash!»
For meg er det ikkje noko naturleg å vere på scenen. Det er noko kunstig, og om vi aksepterer at det er slik det er, kan vi vere meir ærlege om kva vi gjer.
I løpet av få minutt har scena endra seg frå noko som kunne minne om japansk minimalist-teater til meir i retning av ein parodi-lego-actionfilm. Wilson er ikkje redd for å tulle med førelegga sine.

– Om du ikkje har det artig når du lager ei framsyning for teatret, så burde du ikkje gjere det. Det er derfor vi kallar det eit spel. Det er berre leik og spel.

Som tilskodar på teatret i meir naturalistiske stykke ender ein ofte opp med å spørje seg: Trur eg på dette? Er det realistisk? Flyt det naturleg? Og når det som skjer på scena grip tak, er det reint så ein er redd for at noko skal skurre i neste augeblikk, så ein kjem ut av det.

Derfor er Robert Wilsons framsyningar så avslappande. For der er slike sorger heilt fråverande. Vi treng ikkje vere det minste redde for at scenene ikkje skal vere truverdige. Vi veit at dei aldri kjem til å vere truverdige. Med Wilson er alt kunstig og stivt og rart. Og det er akkurat sånn det skal vere.

– For meg er ikkje det å vere på scenen noko naturleg, forklarer Wilson. – Det er noko kunstig, og om vi aksepterer at det er slik det er, kan vi vere meir ærlege om kva vi gjer. Stemma vår er annleis. Måten vi går på er annleis, måten vi sit og står på er annleis.

Robert Wilson på prøvane til Peer Gynt i 2005. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Talande rørsler

Wilson stamma sjølv som barn, men då han var 17 år, greidde han å overvinne problemet med hjelp frå ei 70 år gammal ballettlærarinne. Etter det blei han svært opptatt av rørsler, og arbeidde seinare med elementære øvingar for å hjelpe pasientar med hjerneskade. Seinare jobba han mykje med eldre og barn for å hjelpe dei å oppdage sitt eige «rørsle-vokabular». Han hadde ord på seg for å ha ei spesiell evne til å få kontakt med folk og få dei til å opne seg for nye tankar.

Skodespelaren Robyn Anderson fortel om ein av dei første gongene ho var på ein workshop med Wilson. Ho var den einaste som dukka opp, og i tjue minutt sat han berre heilt stille på stolen sin. Akkurat da ho lurte på om han dreiv gjøn med ho, begynte han å reise seg. Svært sakte. Han brukte femten minutt frå sitjande til oppreist stilling, og «uttrykte dusinvis av ting på same tid,» ifølgje Anderson.

Ei viktig innsikt for Wilson kom da han oppdaga arbeidet til psykiateren Dan Stern. Stern studerte spelet mellom mødrer og små ungar ved å filme dei i sakte kino. Wilson oppdaga alle dei skjulte nyansane i små rørsler som når mora plukkar opp ein unge som skrik. Det som i vanleg tempo berre var ei kjærleg handling, skilde seg i ulike delar. I sakte tempo kunne dei sjå at mora i den første delen av rørsla formeleg kastar seg mot ungen, så han rykkjer bakover i skrekk. Så, i neste augeblikk, roar både ho og ungen seg.

Slike kontrastar er det mange av i Wilsons arbeid, og dei kjem til syne i spelet mellom tekst, rolle og rørsle. Joachim Rafaelsen si paradishoppande smågut-rolle viser seg å vere stridsguden Ty, som oftast blir framstilt som stor og barsk. I Wilson-Edda står den leikande ungguten i kontrast til teksten som blir lesen opp om den «Modige Ty». På spørsmål om kva som ligg bak dette valet, seier Wilson:

– All stor kunst har eit barn i hjartet sitt. Baudelaire sa: «Genialitet er barndom henta fram etter eigen vilje.»

Apollon og dionysos

Wilson studerte økonomi og arkitektur, men vart snart fanga opp av avant-garde teateret i etterkrigstida og samarbeidde med folk som John Cage og Merce Cunningham. Han arbeider også med måleri og skulptur, og scenebilda hans hentar inspirasjon frå både biletkunst og ekspresjonistiske stumfilmar, mens sminka og kostyma kan minne om ein minimalistisk versjon av Tim Burtons vampyr-estetikk.
Om du ikkje har det artig når du lager ei framsyning for teatret, då burde du ikkje gjere det. Det er derfor vi kallar det eit spel.
I prøvesalen til Det Norske Teatret er scenografien førebels, men ikkje desto mindre er alle skodespelarane kledde i einsfarga svarte kostyme. Til og med assistentane som ber rekvisittar inn og ut, har fått same framtoning.

På golvet set guteguden Ty seg i lag med dei andre gudane, og Wilson ber om «happy, happy music».

«Alle rundt bordet burde ha ein slags reaksjon her,» seier han tankefullt. «Kanskje alle skulle lage ein dyrelyd eller noko?»

På oppmoding frå Wilson kjem alle skodespelarane med ulike lydar. Eivin Nilsen Salthe sin Loke mjauar, Marianne Krogh som Frigg bjeffar, Paul Ottar Haga rautar som ei ku. Han speler havguden Njord, så kanskje det skal vere ei sjøku? Dei begynner å konkurrere, og all slags lyd kjem som ei skur: Papegøye, sau, esel, ulv og slange.

Samstundes byrjar musikarane å spele barnslege melodiar. Det høyrest ut som om fiolinisten freistar å få ein kjend melodi til å passe med akkordane, og når ho endeleg klarer det, fell alt på plass, i hop med dyrelydane. Old MacDonald had a farm.
Edda fasinerte meg fordi det var ei gammal nordisk forteljing, ei verd som var ukjend for meg.
I prøvesalen blir dei fleirtydige mytane om Wilsons autoritet og rausheit som instruktør meir forståelege. Han er streng, men skaper samstundes ei fri stemning, blir det sagt. Og nett slik ser det ut under prøvene på EDDA. I det eine augeblikket er salen eit kaos av lydar etter at han har bede om «ein dyrelyd eller noko». Så, i neste scene instruerer han ei enkelt handrørsle, i noko som fortonar seg som fleire minutt med andelaus konsentrasjon.

Wilson trur noko av det mest utfordrande for skodespelarar som er mest vane med naturalistisk stil, er denne vekslinga.

– Dei må gå inn i arbeidet med eit ope sinn og vere i stand til å assosiere fritt med tekst og bilete. Samstundes er det formelt. Det er ein konstruksjon i tid og rom, som krev mange timar med repetisjon for å bli heilt fri.

I neste scene sit Gjertrud Jynge og Henrik Rafelsen i minimale kvite kostyme og rører seg berre så vidt. Ei lita vending med hovudet, handa som senkar seg ei aning. Kvart moment har sitt nummer, og Wilson ber om nummer ein, nummer to, forbi seksten og tjue. Og frå starten igjen.

– Eg trur handa må litt opp, og så rører ho seg over, som om ho flyt, seier han.

Han står stille og betraktar skodespelarane.

– Nei, det er for mykje rørsle, seier han. – Det er for naturleg.

Robert Wilson, fødd 1941, er ein av dei mest kjende og prislønte teaterregissørane i vår tid. Han arbeider også med skulptur, scenografi, video og lyskunst. Det store internasjonale gjennombrotet hans kom med operaframsyninga han gjorde med Philip Glass i 1976, Einstein on the Beach. Han har arbeidd med folk som Tom Waits og Marina Abramovic, og mange av oppsetjingane hans har turnert verda rundt i fleire tiår. Det førre prosjektet hans med Det Norske Teatret var Peer Gynt i 2005.

Den eldre Edda er ei samling gudedikt som vart attfunne på 1600-talet og inneheld mellom anna Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar. Nokre av dikta er gudesegner og forteljingar, mens andre skildrar den norrøne mytologien og gir råd om moral og leveregler. Jon Fosse har gjendikta tekstane for Det Norske Teatret.

Gjertrud Jynge som Den grønkledde og Henrik Rafaelsen som Peer i Peer Gynt, Hovudscenen på Det Norske Teatret, februar 2005. Foto: Lesley Leslie-Spinks.