Heidi Gjermundsen Broch er Serianna

Eg ser henne for meg som ei stillferdig dame, men eigenrådig og sta, seier Heidi Gjermundsen Broch, som skal spele Serianna.

Første gongen vi blir presentert for Serianna, røyker ho pipe og verkar ganske tøff, nesten litt karsleg.Uredd for å gjere ting på sin måte. Ho har nett gått til Molde frå garden ho kjem frå, nokre timar unna, og her møter ho straks slåttekaren Nesje. Det oppstår ein gjensidig attraksjon, men forelskinga går ganske kjapt over i eit slags arbeidsfellesskap. Ho gjer mykje av det tunge arbeidet på garden deira, også «mannfolkarbeidet», mens Nesje gjer pliktarbeidet på Gørvell-garden.

Eg ser henne for meg som ei stillferdig dame, men eigenrådig og sta. Det er openbert at ho tenkjer ganske mykje, men held tankane for seg sjølv. Etter at ho og Nesje får sin første son, verkar det som at ho gjennomgår ein fødselsdepresjon. Søstera må komme og hjelpe til, og ho er der mykje. Serianna hadde også ei dotter som ho fekk med ein ung mann som ikkje ville binde seg. Dottera døydde da ho var veldig lita. Dette er nok ei sorg ho ber med seg.

Som ektepar manglar Nesje og Serianna eit språk for å snakke om kjensler. Det er liksom ein arm på ei skulder, eller eit sukk og eit «Jaja». Dei kommuniserer likevel med kvarandre, men for det meste utan ord.

Eg tenkjer dei fleste kan kjenne seg igjen i det å ha forventningar til korleis livet skulle bli, og så blir det ikkje slik. Da handlar det om korleis ein handterer det. Serianna skulle kanskje ha ønskt at dei følgde etter søstera hennar og drog til Amerika. Men for Nesje er det totalt uaktuelt å gi opp garden han har arbeidd så hardt for, så dei diskuterer aldri dette. Det handlar om val. Om å våge å bli eller reise. Det var så absolutte standpunkt på den tida. Om du reiste, kom du aldri igjen. Dei som reiste, såg du aldri igjen.

FORTALT TIL Åsne Dahl Torp FOTO Ylva Catodotter Fyllingsnes