Bakgrunnsartikkel

Håkon Ramstad spelar Lear

- Eg har gitt dei alt, seier Lear om døtrene sine på eit tidspunkt i stykket. Det trur eg ikkje er heilt sant, seier Håkon Ramstad, som skal spele den aldrande kongen Lear.

Lear er kongen som er vand med å få ting på sin måte og han har neppe vore ein særleg omsorgsfull og kjærleg farsfigur for barna sine. No som han står på terskelen til å bli gammal, til å gi frå seg riket sitt, krev han bevis for at dei elskar han. Eg har vanskeleg for å tru at barn som har opplevd mykje kjærleik frå foreldra sine, ville oppført seg slik desse gjer. To av døtrene kjem med tomme lovprisingar, dei er null verd. Ho som ikkje lar seg presse, syner seg å vere ho han kan stole på.

Lear behandlar folk dårleg og støyter dei frå seg.
Ein kan jo lure på kva det er med han. Han ender opp både fysisk og psykisk nedbrote og begynner nærast å hallusinere. Vi skal inn i Lears sinn, inn i eit marerittaktig draumelandskap, der hans alter ego opptrer som styggen på ryggen. Han klarer knapt skilje mellom det han opplever og det han trur han opplever.

Det er inga tradisjonell tolking av Lear publikum vil få oppleve. Tatu Hämalainen har regi, og eg har arbeidd med han tidlegare. Han gjer sin eigen versjon, og lagar teater på teaterets premiss. Da han spurde om eg ville vere med i denne produksjonen svara eg utvitydig ja. Han er ein modig og nytenkande type som nok vil gi dei mest konservative Shakespeare-elskarane noko å tenke på. Det er eit solid kunstnarleg lag, eit godt ensemble og ein sterk tekst.

Eg har utdanninga mi frå England og har spelt Shakespeare før. Både der og her heime. Eg var mellom anna Kent da Sverre Anker Ousdal gjorde Kong Lear som si avskilsframsyning på Nationaltheatret. Men eg hadde ikkje sett for meg at eg skulle inn i Lear-rolla, i alle fall ikkje der eg er no i livsløpet, sjølv om det er ei fin moglegheit. Eg kunne ikkje la ho gå frå meg.

FORTALD TIL Ida Michaelsen FOTO Magnus Skrede