Forfattar Wolfgang Herrndorf

Tschick - Adjø Berlin er den desidert mest kjente romanen hans, selt i over 3 millionar eksemplar.

Wolfgang Herrndorf (1965-2013) var både målar og illustratør i tillegg til forfattar. I 2010 fekk han ein alvorleg kreftdiagnose, og vissa om at han skulle døy utløyste ein kunstnarleg raptus. I 2013 tok han sitt eige liv, da svulsten i hjernen truga medvitet hans. Den desidert mest kjente romanen han skreiv var Tschick – Adjø, Berlin, som blei gitt ut i 2010 i Tyskland og markerte gjennombrotet hans som forfattar. I 2012 kom romanen ut på norsk. I Tyskland blei boka ein vanvettig salssuksess, og har totalt selt i over tre millionar eksemplar. Ho låg på bestseljarlistene i over to år, vann den tyske ungdomslitteraturprisen og er omsett til over 30 språk. Nesten parallelt med bokutgjevinga i Tyskland, kom teaterversjonen, som har blitt spelt nær sagt over alt i heimlandet. I 2016 kom ein filmatisert versjon regissert av Fatih Akin.

Etter at Herrndorf gjekk bort, blei det publisert ein ufullenda prosatekst som tek for seg historia til Isa, ein av bifigurane i Tschick – Adjø, Berlin.

Det er første gongen Tschick – Adjø Berlin blir sett opp i Skandinavia.

Wolfgang Herrndorf, sjølvportrett. Copyright: VG-Bild-Kunst.