Bakgrunnsartikkel

Etienne Pluss: Inspirasjonen har eg henta frå wiens gamle tivoliområde

Møt scenograf for Kasimir og Karoline - Etienne Pluss.

Inspirasjonen til scenografien på Kasimir og Karoline har eg henta frå Wiens gamle tivoliområde Prater. Det har røter tilbake til 1800-talet, og i generasjonar har familiar funne glede i denne parken som både er sjarmerande, billig og ganske melankolsk. Noko er modernisert, men det er også mykje som er som det alltid har vore. Her kan du køyre same karusellen som foreldra og besteforeldra dine har gjort før deg. Det er både glorete og nostalgisk på ein og same tid. I familien min har vi eit bilde av meg som barn framfor nokre spesielle statuar, og det same har vi av mor mi og av dotter mi.

Frå første kostyme og maske-prøve på Kasimir og Karoline.

Horvaths klassikar om det unge kjærasteparet Kasimir og Karoline utspeler seg på ein folkefest.
Eg har valt å spenne eit telt over heile scenen. Det er noko provisorisk over denne festen, som eit vegkryss av livshistorier. Folk finn saman på festen, men dei vil aldri møtast igjen. Det er ein møteplass for heile samfunnet, og dei veit ikkje kva som ventar eller kva som vil skje. Det er i konstant rørsle. Eg har ingen regel for korleis eg nærmar meg eit stykke; målet mitt er å opne dørene til publikums fantasi.

I det tyskspråklege Europa er denne teksten velkjend. Horvath er ein intelligent forfattar som gir oss ein tekst med mange ulike nivå. Kasimir og Karoline er symbol for ein ung generasjon som må orientere seg i livet. Initialane deira er dei same som det gamle austerrisk-ungarske kongedømmet (K.u.K. = kaiserlich und königlich, dvs. keisarleg og kongeleg, red. anm.). Det ligg i korta at dei ikkje vil halde saman.

Dette er sjette produksjonen eg gjer av Horvath, det er berre Brecht som kan måle seg i mengd av oppsetjingar. Han er for den tyskspråklege dramatikken det Ibsen er for den skandinaviske, vil eg seie.

FORTALT TIL Ida Michaelsen FOTO Ylva Catodotter Fyllingsnes