Bakgrunnsartikkel

Eili Harboe

- For meg handlar Kirsebærhagen om det å leve i ei brytningstid. Om å orientere seg når ein heilt har mista fotfestet, seier skodespelar Eili Harboe.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Artikkelen er frå 2020.

Sjølv står 25-åringen rimeleg støtt, ser det ut til. Trass sin unge alder har ho rokke å spele store roller i sju langfilmar og ein HBO-serie, vore Noregs «Shooting Star» under filmfestivalen i Berlin og blitt heidra med Filmkritikerprisen som årets beste skodespelar i 2018. No er ho klar for Hovudscenen på Det Norske Teatret.

På vegen hit har Harboe spelt ei rad tøffe roller med bein i nasen, og har nok ein god del bein i nasen sjølv. Trass sin unge alder, har ho ein imponerande CV: Som 17-åring debuterte ho som filmskodespelar i filmatiseringa av Tore Renbergs Kompani Orheim (2011), ein av Jarle Klepp-filmane. Deretter følgde hovudrolla i Kyss meg for faen i helvete (2013), så blei ho den eigenrådige prinsessa i dei to Askeladden-filmane og hadde hovudrolla i Joachim Triers kritikarroste Thelma, ein prestasjon som fekk kritikarane til å hente fram superlativa. Sist har ho vore å sjå i TV2-serien Hjerteslag og den første norske HBO-serien; Beforeigners. No skal ho stå på landets største teaterscene her på Det Norske Teatret. – Eg er svært glad for å komme hit, seier den unge skodespelaren, som for fire år sidan faktisk konverterte til nynorsk: - Eg kjem jo frå Rogaland, så det kjennest på ein måte mykje sannare for meg å uttrykke meg på nynorsk enn bokmål.

Overklasse i krise

På scenen skal ho spele 17 år gamle Anja, dotter til den rike godseigarinna Ljubov Ranevskaja i Tsjekhovs klassiske stykke Kirsebærhagen frå 1904. Stykket er skrive i tida like før den russiske revolusjonen braut ut i 1917. Det er dei politiske omveltingane som alt var i gang på byrjinga av 1900-talet dramatikaren har hatt i tankane. - Anja tilhøyrer overklassen, har vakse opp på eit gods, og har på mange måtar levd eit behageleg liv utan økonomiske bekymringar. Familien har ein rik tradisjon og eigedommen deira rommar ein vidgjeten kirsebærhage. Men no er familien truga med konkurs og garden må kanskje seljast, forklarar Eili. Dei samfunnsmessige endringane som er i emning i stykket skulle seinare føre til at godseigarar over heile Russland mista jorda og at bønder og arbeidarar fekk meir makt.

- Anja har nok vore ein del bekymra for mor si, godseigarinna. Ho stakk til Paris etter at broren til Anja døydde. Sidan har ho levd eit ganske utsvevande liv der borte, fortel Eili. I Paris har mora sløst bort restane av familieformua og levd i total fornekting av den situasjonen ho er i. Omstenda på godset har blitt såpass alvorlege at Anja har blitt send for å hente mora heim så ho kan rydde opp på garden og redde det som er igjen av verdiar. Det er i alle fall det alle håpar på.

I Kirsebærhagen spelar Eili Harboe Anja, dotter til godseigarinna Ranévskaja, spelt av Gjertrud Jynge. Her er dei to styla til fotoshoot som om dei har vore på rangel, og har vore det ei stund... Foto: Pernille Sandberg.

Positiv til endringane

Eili ser på Anja som ei søkande sjel, svolten på nye inntrykk: - Ho er veldig fascinert av Trofimov, ein eldre student som held til på godset. Han er ein slags intellektuell revolusjonær og har tankar og idear ho synest er forførande, tenkjer Eili. Anja og Trofimov har eit forhold dei påstår er noko meir enn vanleg romantisk kjærleik, men er eit politisk prosjekt som handlar om ei sterk felles tru på ei ny tid etter revolusjonen dei håpar vil komme. - Ho innser nok likevel ikkje heilt kva denne samfunnsomveltinga vil ha å seie for slike som henne og skjønar nok ikkje kor avhengig ho er av familien for å overleve, meiner Eili.

Fotograf Pernille Sandberg forsøker å fange eit hint av karakterane Eili og Gjertrud Jynge skal gi liv til i ein gløymt eplehage på Torshov.

Lyttar til teksten og kvarandre

Teater har Harboe erfaring med frå Stavanger kulturskole, men synest det har vore vanskeleg å komme seg inn i den vaksne teaterverda utan formell utdanning som skodespelar. I fjor debuterte ho likevel som skodespelar ved Rogaland Teater. I Kirsebærhagen jobbar ho med regissør Johannes Holmen Dahl. Han er blitt kjend for å lage teaterframsyningar der skodespelaren og teksten står i fokus, gjerne i tilnærma nakne scenerom. - Han jobbar på ein måte som krev at ein som skodespelar lyttar til teksten, motspelarane og omstenda for historia. Eg opplever det som eit konsentrert og godt rom å jobbe i og på mange vis ein meir empatisk inngang til stoffet. Det er utfordrande og sårbart, men eg håpar det gjer at karakterane og historia når inn hos publikum, avsluttar Eili.

Fortalt til: Åsne H. Dahl TorpFoto: Ylva Catodotter Fyllingsnes

Eili og Gjertrud Jynge kikkar i kamera til fotografen.