Det Norske Teatret i Groruddalen

Tante Ulrikkes vei er vegen heile Noreg blei kjent med gjennom debutboka til Zeshan Shakar. Når romanen no blir dramatisert skjer det på scenen som ligg eit steinkast unna.

Det Norske Teatret etablerer seg i Groruddalen denne våren med historier frå nokre av dalens sterkaste krefter. I media har det vore teikna eit nokså unyansert bilete av Groruddalens mange utfordringar. Parallelt med dette har kunst- og kulturuttrykka frå dalen blitt meir synlege for resten av landet gjennom TV-serien 17, HipHop-hits og bokutgjevingar. I januar flyttar teateret inn på Rommen Scene med fleire produksjonar frå repertoaret og ut over i 2019 samarbeider vi med lokale krefter for å presentere nye framsyningar. Når du står utanfor Rommen Scene ser du ned på ei av Oslo Østs mest omtala adresser: Tante Ulrikkes vei. I juni er det urpremiere på framsyninga om oppveksten til to unge gutar i blokkene her.

Norsk historie frå 2000-talet

Med Tante Ulrikkes vei brakdebuterte samfunnsvitaren og byråkraten Zeshan Shakar i 2017. Han vant Tarjei Vesaas debutantpris for boka som no har runda eit opplag på oppsiktsvekkande 50 000 eksemplar. Romanen har fått ei samla varm mottaking, han har skapt debatt og brakt nyansar inn i samtalen om Groruddalen. Shakar har gitt lesarane eit sjeldan innblikk i kva som rører seg i to unge gutar som kjem frå ulike heimar. Han har villa vise at ungdom med minoritetsbakgrunn er like forskjellig som all anna ungdom. Tante Ulrikkes vei handlar vel så mykje om klasse og klassereise som minoritetsproblematikk. Det er eit stykke norsk historie frå 2000-talet, har Shakar uttalt om romanen.

Gjennom auga til Jamal og Mo får vi ei skarp samfunnsskildring om eit Noreg i forandring. Gutane er rekrutterte til å delta i eit forskingsprosjekt i regi av NOVA som skal kartlegge kvardagen til ungdom med minoritetsbakgrunn i Groruddalen. Dei er kjenningar frå barndommen og begge bur i Tante Ulrikkes vei på Stovner, blindvegen som snor seg rundt betongblokkane og ender i ein snuplass og eit parkeringsanlegg.

Jamal og Mo deler gladeleg med forskaren frå NOVA. Mo sjølv seier han er glad i å skrive og sender inn korrekte, velformulerte rapporter. Jamal derimot nøyer seg med lydopptak. Og med diktafonen i handa følger vi han mellom blokkane, bort til t-banestasjonen og heime på rommet. Det performative språket, det historiske tilbakeblikket og to unge menneske i kamp med seg sjølv og samfunnet gjer dette til eit godt utgangspunkt for ei dramatisering for scenen.

Teater for alle

Når Det Norske Teatret no etablerer seg i Groruddalen er det fordi teateret ønsker å vere ein permanent del av kvardagen til flest mogleg i hovudstaden. Men også fordi teateret treng meir plass. Dei seinare åra hatt teateret hatt ein stabil og god vekst og treng fleire scener. Med Blokk til blokk av Don Martin og Castro-brørne opplevde teateret ei tilstrøyming som tvinga framsyninga frå Scene 3 til Hovudscenen. Framsyninga har stått på repertoaret sidan januar 2018 og tanken om sette planane om ein «Scene 4» i Groruddalen ut i live blei styrka av denne suksessen.

Det Norske Teatret blei stifta i ei tid med sterke motkulturelle straumar og har alltid vore del av ein motkultur og i opposisjon til den tradisjonelle oppfatninga av kva det vil seie å vere norsk. Teatret ønskjer å halde fram å vinne tillit hos nye grupper. Det er i teateret si eigeninteresse å ta del i eit samarbeid som gir oss impulsar og måtar å uttrykke oss på, som vi elles vil gå glipp av. Vi ønsker å vere med å styrke identiteten til Groruddalen og det skal vi gjere ved å ta i bruk dei sterke kreftene som finst der. Rommen Scene er eit godt utgangspunkt for å drive erfaringsutveksling, og samarbeidsavtalar med Spkrbox og OBOS er alt signerte.