Bakgrunnsartikkel

Den forsvunne hjernen

I Inkognito er tre historier vovne saman over ein periode på 60 år. Dei undersøkjer tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske. To av dei tek utgangspunkt i personar og hendingar frå verkelegheita. Ein av dei er historia om Thomas Harvey; mannen som stal Albert Einsteins hjerne. - Ei historie som langt overgår fiksjonen…

TEKST Espen Dietrichs FOTO Wikipedia
TIL NYNORSK VED Unn Catodotter Fyllingsnes

Albert Einstein døydde om morgonen 18. april 1955 i Princeton, New Jersey. Han vart obdusert same dagen og deretter kremert. Men kva skjedde med hjernen hans? Den forsvann, og Einsteins pårørande hevda at den vart stolen! Og det var mange rykte: Skulle den på museum for merkelege ting, delast opp og brukast som amulettar, skytast ut i verdsrommet, klonast av diktatorar og terroristar, eller seljast til Michael Jackson? No veit vi endeleg kva som faktisk skjedde.

Einstein vart fødd i Ulm, Tyskland i 1879. Han lærte først å snakke da han var tre år gammal, men viste straks talent innan realfag. Da han seinare studerte ved universitetet i München, mobba han lærarane for den mangelfulle forståinga deira. Resultatet var at det vart vanskeleg å få jobb, og han vart funksjonær ved eit patentkontor i Sveits. Der arbeidde han i 1905, det som vart året for dei store ideane. Han publiserte da fem store arbeid i tidsskriftet Annalen der Physik, og det var også da han la grunnlaget for relativitetsteorien. Dei fem publikasjonane gjorde han raskt vidkjend, og verdskjende vitskapsmenn tok til å kome på besøk til det vesle kontoret hans på loftet over patentkontoret. Etter dette fekk han òg ei rekkje undervisingsoppdrag, og han reiste etterkvart attende til München. Ei solformørking i 1913 stadfesta den fotoelektromagnetiske teorien hans, og i 1916 kom han med den endelege formuleringa av relativitetsteorien. I 1921 fekk han Nobelprisen i fysikk, men det var for den fotoelektriske effekten – ikkje relativitetsteorien. Den prøvde han i staden å få godkjend som doktoravhandling, men den vart refusert av den føderale sveitsiske polytekniske høgskolen i 1930. Seinare vart teoriane verifiserte i laboratorieforsøk, og han vart kjendis som reiste verda rundt i sus og dus, med stor festivitas.

Einstein var nazimotstandar, og han var av jødisk slekt. Etter truslar i Tyskland valde han å emigrere til England i 1933, og vidare til USA i 1940. Der fekk han stilling ved Princeton Institute of Advanced Studies. Han freista å lage ein samleteori for heile universet, men det greidde han ikkje. Han levde eit usunt liv og utvikla alvorleg arteriosklerose. I 1950 fekk han påvist ein stor aortaaneurisme, men ville ikkje opererast. Det var denne aneurismen som brast fem år seinare.

Einstein døydde på det vesle lokalsjukehuset i Princeton – ikkje på universitetssjukehuset. Obduksjonen vart utført av den einaste patologen på sjukehuset, dr. Thomas Stoltz Harvey, som da var 42 år. Han var ikkje vitskapleg skolert og ikkje nevropatolog, men ein einstøing som truleg hadde vald denne einsame men sjølvstendige patologstillinga fordi det fall seg slik.

Harvey fjerna hjernen på eige initiativ. Det låg ikkje føre noka skriftleg fullmakt, men heller ikkje noko forbod. Einsteins gode venn, Otto Nathan og sonen Hans Albert Einstein skulda Harvey for simpelt tjuveri. Harvey hevda på si side at Otto Nathan var til stades under obduksjonen og hadde gitt han løyve. Men Nathan nekta for å ha vore der – og kva slags patolog inviterer dei pårørande til å vere med på obduksjonen??

Da New York Times publiserte historia, kalla den amerikanske hæren Harvey inn til eit møte der dei kravde å få hjernen utlevert på vegner av nasjonen. Harvey nekta, og han fekk støtte av sjukehusdirektøren, som insisterte på at hjernen ikkje skulle ut av byen.

Så gjekk åra. Harvey hadde hjernen heime hos seg sjølv, og han fortalde ikkje mange om den. Etterkvart vart sjukehusdirektøren utolmodig. Han forlanga forskingsresultat og kravde å få hjernen attende til sjukehuset. Men Harvey nekta – og fekk sparken. Da tok han med seg hjernen og reiste frå byen. Han flytta rundt, hadde ei rekkje ulike jobbar i psykiatrien, allmennpraksis, som sjukeheimslege og som fengselslege, og på vegen var det tre ekteskap som havarerte.

Lokalaviser kom på sporet av Harvey i 1956, 1979 og 1988, refererte utsegnene hans om at han var like ved å avslutte vitskaplege studium av hjernen, men ingen publikasjonar kom. Da han var 78 år gammal, strauk han til autorisasjonseksamen i Kansas. Han hadde inga pensjonsordning, og tok da til å arbeide på ein plastfabrikk.

Journalisten Steven Levy fann Harvey i Kansas i 1978, etter eit langt søk. Hjernen til Einstein låg da bak ein ølkjølar i stova, i ein kakeboks merkt med eplesider… Levy skreiv om My search for Einstein’s brain i The New Jersey Monthly. Dette vekte sjølvsagt merksemd, og heavy metal-bandet Attic of Love laga slageren Stealing Einstein’s Brain:

He heard the rumor one morning;
somewhere out in the Midwest
Einstein’s brain was adorning a trophy shelf by the desk
of a general practitioner gentleman.
Who was he to be so blessed?
So he formed a plan to take a stand,
and one day he’d attain the theft of Einstein’s brain.


Harvey vart no kontakta av ei rekkje ulike personar. Han gav vekk nokre hjernesnitt til forskarar, og ”gave pieces to an odd collection of pilgrims, too”. Men det var openbert ikkje økonomiske interesser som dreiv han, for han avslo tilbod om å selje bitar av hjernen for 15 000 dollar pr. stk.

Etter dette var det stille fram til 1996. Da kom Michael Paterniti på sporet. Han fann Harvey i New Jersey. Hjernen var framleis skjult i ein pappask, i ein mørk kjellar. Harvey, som no var 84 år gammal, var villig til å avslutte saka. Han hadde tydelegvis oppfatta seg sjølv som leiar av eit viktig forskingsprosjekt, sjølv om han aldri hadde gjort noko vitskapleg sjølv, og trass i at berre nokre tilfeldige forskarar som hadde masa ekstra mykje, hadde fått nokre få hjernesnitt å studere. Men no gjekk han med på å møte stedottera til Einstein, Evelyn, for å forsonast heime hjå henne i Oakland, California. Paterniti, som var frilansjournalist, tilbaud seg å køyre Harvey og hjernen til Oakland. Det vart byrjinga på ein merkeleg køyretur med ein Buick Skylark på tvers over det amerikanske kontinentet. Hjernen låg i ein Tupperware-boks oppi ein sportsbag i bagasjerommet, men Paterniti fekk ikkje lov til å sjå den.

Vel framme i Oakland sa Harvey at Evelyn Einstein kunne få ein bit av hjernen, men det var ikkje akkurat dette ho hadde tenkt seg. Ho inviterte Harvey og Paterniti på middag for å diskutere saka, men Harvey avslo og forlanga å verta køyrd til næraste jarnbanestasjon. Da Paterniti og Evelyn Einstein kom tilbake til huset hennar etter køyreturen, oppdaga dei at Harvey hadde sett att Tupperware-boksen i baksetet. Forbausa tok dei med seg hjernen inn og åt middag med hjernen på bordet. Evelyn Einstein ville framleis ikkje ha hjernen, og Paterniti måtte ta den med seg igjen da han gjekk. Han tok inn på motell saman med hjernen, og sov med hjernen ved sida av seg på hovudputa. Men Paterniti kjende naturleg nok at det var feil av han å skulle ha hjernen, og vel tilbake i New Jersey valde han å gi hjernen tilbake til Harvey.

Den aldrande Harvey valde til slutt å gi frå seg hjernen. Men den vart ikkje levert til noko kvalifisert nevropatologisk miljø. Tvert imot, etter nesten eit halvt hundreår på reisefot gav han den tilbake til lokalsjukehuset i Princeton, til den einaste patologen der, dr. Eliott Krauss. Krauss var ikkje vitskapleg skolert og ikkje nevropatolog, men ein einstøing som truleg hadde vald denne einsame, men sjølvstendige patologstillinga fordi det fall seg slik. Og no kjende han seg som leiar av eit viktig internasjonalt forskingsnettverk

Postskrift:

Nokre få artiklar om hjernen til Einstein er etterkvart publiserte. Det har kome framlegg om at Einstein skulle ha auka tettleik av nevronar frontalt, eller høgare tal på gliaceller parietalt. Men det heile er særs kontroversielt, og ein kritisk gjennomgang for få år sidan konkluderte med at hjernen til Einstein viste aldersendringar og moglege teikn på ein byrjande alzheimerssjukdom, men at det ikkje var nokon strukturelle eller morfologiske karakteristika som kunne knytast til dei framståande kognitive evnene hans. Når det gjeld løysinga av mysteriet med den bortkomne hjernen, må vi særleg takke journalistane Steven Levy og Michael Paterniti. Sistnemnde har skildra delar av historia i bestseljaren Driving Mr. Albert. A trip across America with Einstein’s Brain.