Bakgrunnsartikkel

Ane Dahl Torp spelar Goneril

- Frykta for ikkje å bli elska av sine barn, er sterk, seier Ane Dahl Torp, som skal spele Goneril, Lears eldste dotter.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Kongen er gamal, og stykket byrjar med at han vil trekke seg tilbake og dele landet sitt mellom dei tre døtrene. Men først ønsker han ei kjærleikserklæring, der ho som elskar han mest, skal få mest. Og ver så god: Køyr familiekonflikt og politisk tragedie!

Frykta for ikkje å bli elska av barna sine er sterk. Foreldres kjærleik til barna sine må ein kunne ta for gitt. Og sjølv om dei fleste barn på eit eller anna nivå er glade i foreldra sine, kan ein ikkje krevje den kjærleiken på same måte. Eg opplever at Lear ser etter konkrete bevis for barnas kjærleik. Men å krevje bevisføring for kjærleik er vanskeleg, uansett i kva for relasjon det er.

Vondskap og havesjuke blir gjerne brukt for å forklare Goneril. Eg veit ikkje, det kan godt vere det er dit vi vil. Men ho gir faren det han vil ha, og opptrer innanfor konvensjonane. Det er mogleg å tenke seg at det ikkje kostar henne noko å lyge. Eller kanskje ho ikkje lyg? Alt er på ein måte ope, og det er det som er morosamt med ein prøveperiode. At ein ikkje låser seg for fort, men heller har mange moglegheiter opne.

I denne versjonen av Lear er det ein aldrande konge. Han vil behalde namnet og privilegia ved å vere konge, men ikkje jobben. Han vil «krypa utan bør mot døden», seier han. Det er mykje snakk om moderne pensjonistar som skal realisere seg sjølv, for tida. Dei skal kose seg og ha «meg-tid», og har slett ikkje tid til familie. Og det er jo det Lear seier at han vil: fri seg for alt ansvar. Men det er ikkje mogleg når du har infiltrert deg i andre menneske, fått barn, og i tillegg styrt eit rike. Da er «utan bør» ein utopi. Og det viser seg jo da i stykket: Han kjem relativt kjapt døden i møte, men han er ikkje utan bør på den vegen.

I Lear ser vi konsekvensen av å la kjenslene styre politikken. Og det er ein skremmande tendens i tida, at kjensler trumfar tanke. Lear let sine krenka kjensler og såra stoltheit styre vala han tek. Så der er Lear ein moderne statsleiar, dessverre. Det går jo ikkje bra hos Shakespeare, så det er eit relevant varsku til samtida.

FOTO Eirik Malmo

Artikkelen er publisert i 2020.