Psykoterapiens historie blir teater

Tyra Tønnessen har dramatisert eit forskingsprosjekt under tittelen Overføring. Dette blei til etter at ein psykologprofessor i Skottland ønskte seg nye formidlingsformar og etterlyste ein kunstnar som del av forskingsgruppa.

Tilfellet ville det slik at forskar og psykolog Marit Råbu oppsøkte ein workshop under ein konferanse i Vancouver tilbake i 2009. Her blei det understrekt at dersom psykologifaget skulle fornye kvalitativ forskingsmetode, måtte kunstnarar bli involverte i fortolkinga av materialet.
Marit Råbu tenkte umiddelbart på regissør Tyra Tønnessen. Ikkje berre kjente ho til Tyras kunstnarlege merittar, men òg hennar solide akademiske bakgrunn med ein PhD frå Kunsthøgskolen.
Slik blei Tyra invitert med som forskar i gruppa som blei etablert etter konferansen, med ei viss forventning om at hennar kunstnarlege metodar ville vere svært verdifulle både i tolking av materiale, og for å formidle funn.

Reflekterer over tankar, relasjonar og kjensler

- I ein intervjuserie med pensjonerte terapeutar hadde forskaren spurt inngåande om yrkesvala dei hadde tatt og korleis det hadde prega dei som menneske. Intervjua var ei fasinerande lesing med forteljingar og historier om 13 menneske som har brukt livet på å reflektere over og sette ord på tankar, relasjonar og kjensler. Da desse starta karrierane sine på 60- og 70-talet var det uventa og spesielt å velje psykologi som fag. Dei var ei lita forsamling som trudde på noko nytt. Her ser dei tilbake på sitt eige liv, praksisen dei har ført, kriser og suksessar, privatliv og fag.

Toralv Maurstad er tilbake på Det Norske Teatret etter mange år, og er definitivt den med lengst erfaring - både i livet og på scenen. Foto: Fin Serck-Hanssen.

Tyra Tønnessen valde å flette i hop intervjua slik at det på scenen er seks terapeutar som vidareformidlar tankegods frå dei 13 intervjuobjekta i framsyninga som har fått tittelen Overføring. Erfaringa som kjem til uttrykk er henta frå forskingsmaterialet, men dei seks karakterane i framsyninga er fiktive nyskapingar, og stoffet er omarbeidd og dikta om.

Samarbeidsprosjekt mellom det norske teatret og nationaltheatret

- Det slo meg at menneske som har brukt heile livet på å formulere og forstå relasjonar, kjensler og livsval, når dei først skal snakke om sitt eige liv, da gjer dei det med eit høgt refleksjonsnivå.
Det var reine page-turnaren, eg kunne ikkje legge intervjua frå meg, og eg ville at fleire skulle få ta del i desse livsrefleksjonane.
For første gong samarbeider Det Norske Teatret og Nationaltheatret om eit prosjekt. Tre erfarne skodespelarar er henta frå begge teatera inn for å gi liv til seks terapeutar som er sett saman av eit større intervjumateriale.

Desse er Toralv Maurstad, Erik Hivju og Kai Remlov frå Nationaltheatret, medan Britt Langlie, Wenche Elena Medbøe og Grethe Ryen kjem frå Det Norske Teatret. Av desse er det berre Grethe Ryen som ikkje er pensjonist.

Britt Langlie er også ein av dei pensjonerte skodespelarane som skal vere med i Overføring. Foto: Fin Serck-Hanssen.

Livet og yrkeserfaringane skodespelarane har gjort, er ikkje utan overføringsverdi for rollene. Nokre av utfordringane og dilemma som terapeutane står overfor, kan ein samanlikne med dei skodespelaren møter. Ein må bruke all kunnskap, erfaring og innleving for å kunne setje seg inn i livsverda til eit anna menneske.

- Noko anna eg fann interessant, var tankegodset dei formidla. Eg hadde nettopp lese Koranen og hadde følgd med i debatten kring islam. Der dreidde mykje seg om korleis den kristne kulturen vår står i konflikt med ein konservativ og totalitær tolking av islam.
Men den psykologiske tenkemåten er jo ein mykje tydelegare kontrast til alle totalitære religionar og regime. Det er dette som er «vår kulturarv», men ikkje ein gammal arv.
Faktisk er det berre ein knapp generasjon sidan den psykologiske tenkemåten blei etablert som ei allmenn forståing i vårt samfunn, seier Tyra Tønnessen.

Pionerar i faget

Marit Råbu er forskaren som har utforma studien med terapeutane. For ho var det viktig å løfte temaet ut til ei større gruppe interesserte menneske.

- Tema knytte til psykisk helse og psykoterapi er av interesse for eit langt større publikum enn dei som les forskingsartiklar, seier Råbu.

Førsteamanuensis ved Psykologisk institutt, Marit Råbu, har intervjua 13 psykoterapeutar om livet og yrkesvalet deira. No blir forskingsrapporten teater. Foto: Sjøwall.

- Teaterframsyninga har utgangspunkt i et forskingsprosjekt som handlar om eldre terapeutars erfaringar. Vi lurte på om det å arbeide meir enn 40 år som psykoterapeut verkar på livet til terapeuten. Kva har det gitt? Og kva har det kosta? Var det verd innsatsen, ville vi vite, seier Råbu.

Terapeutane som ho har intervjua, var ikkje berre pionerar i faget, dei er del av ein generasjon der det å studerer ved universitetet ikkje var like vanleg som i dag. Dei har praktisert psykoterapi i ei tid der både fag og samfunnsøkonomi har vore i ei rivande utvikling og vekst. Samla er desse terapeutanes liv og forteljingar uttrykk for viktige straumdrag i Noreg i etterkrigstida.

Kai Remlov er mest kjend som skodespelar ved Nationaltheatret. No skal han spele psokoterapeut i Overføring, som er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to teatera. Foto: Fin Serck-Hanssen.

Når det gjeld val av tittel på prosjektet seier Råbu at overføring er eit av dei mest sentrale omgrepa i psykoanalysen.
- Det handlar om korleis fortid og notid blir vovne saman. Tidlege og grunnleggande erfaringar formar forventningane våre i møte med nye menneske. Og da er relasjonen ein har hatt til viktige omsorgspersonar av særleg betydning.
Forventningane våre er med på å skape mønstre og gjentakingar i handlingane våre og kan prege korleis vi som menneske oppfattar eller forstår nye situasjonar. Ein kan også komme til å skulda menneske for å ha andre hensikter enn dei faktisk har, forklarar Råbu.

I framsyninga er det fleire tydingar av overføring. Det er overføring av erfaring frå ein generasjon til ein annan, overføring av forsking til teater og overføring av kunnskap frå eit langt og innhaldsrikt liv ved scenen inn i roller som forvaltar same tyngde.

Heilt sikkert er det at Tyra Tønnessen og Marit Råbu også vil bli sett på som pionerar i arbeidet med å formidle forskingsresultat på ein heilt ny og uprøvd måte.