Den Mangfaldige Scenen

I 2009 tok Det Norske Teatret, Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Ungdomslag initiativ til ”Den
mangfaldige scenen – eit nytt norsk barne- og ungdomsteater”. Målet var å lage eit scenekunsttilbod der unge får ta i bruk og utvikle sine skapande evner og får fram nye kultur- og kunstuttrykk. Vi ønska å gi ein plattform for framtidas kunstnarar og kulturarbeidarar, og få nye grupper inn i teateret.
Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne og ungdomsteater der unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater. DMS ønskjer å vere ein stad
• der kvar enkelt blir sett og respektert
• som opnar, frigjer og tek imot

Årleg har DMS tilbod til 150 unge. Medlemmene er frå alle kulturelle og sosiale miljø i Oslo. Dei unge er med på kurs og verkstader i skoletida, AKS og i kveldsgrupper. Alle kurs ender i mindre eller større framsyingar.

Leiar for DMS er Liv Hege Skagestad, og du kan lese meir om dei på mangfaldige.no

Ønskjer du eller kjenner du nokon som vil vere med i DMS?

Send ein e-post til post@mangfaldige.no