Bli luteigar i Det Norske Teatret!

Det Norske Teatret er den einaste av dei offentleg støtta scenekunstinstitusjonane som ikkje også er offentleg eigd.

Det Norske Teatret vart skipa i 1912 av eldsjeler som brann for å «syna fram skodespel på norsk mål i bygd og by» - og ikkje minst , midt i hovudstaden! 112 år seinare nynorskens nasjonalteater framleis privateigd. 12 272 luter – eller aksjar om du vil – er eigd av 4 694 luteigarar.

Dei største eigarane er BUL Oslo (11,03%), Haugesund Mållag (3,92%), Venner av Det Norske Teatret (1,63%), Mållaget i Kristiansand (1,35%) og Gjensidige Skade (1,06%).

Dei andre luteigarane er for det meste lag og foreiningar – og tusenvis av enkeltpersonar.

No kan du bli luteigar du òg!

Etter ei ajourføring av luteigarregisteret i 2019-2024 har Det Norske Teatret sjølv mellombels eigarskap til i alt 538 lutar. Årsmøtet i Det Norske Teatret har 27. april 2024 godkjend at desse lutane blir lagt ut til sal etter framgangsmåten som er skildra her.

  • Ein lut kostar 1000 kroner. Pålydande verdi er 400 kroner, overkurs er fastsett til 600 kroner (dette tilsvarar om lag prisutviklinga sidan pålydande verdi på 400 vart fastsett i 1990).
  • Det er ein teikningsperiode frå 15. mai til 1. september der interesserte kan teikne seg for kjøp av eit bestemt tal lutar. Det er i utgangspunktet ikkje ei grense for kor mange lutar ein kan teikne seg for, men årsmøtet har bestemt at alle som ønskjer det skal få kjøpe minst ein lut så langt behaldninga av lutar for sal (538) rekk.
  • Du skal ikkje betale noko når du teiknar deg for kjøp av lutar.
    Last ned, fyll ut og send oss dette skjemaet.

    Parallelt sender du ein e-post med namnet ditt og tal på luter du ønskjer å kjøpe til luteigar@detnorsketeatret.no.
    Om du vil kan du skanne skjemaet og sende det som vedlegg til e-posten.

    Alternativt sender du skjemaet separat per post til :
    Det Norske Teatret, Lutkjøp
    Kristian IVs g 8,
    0164 Oslo

    Det er tidspunkt på e-posten som bestemmer rekkefølgje ved tildeing.

  • I september får kjøparane som har meldt seg elektronisk stadfesting om antal og med betalingsfrist. - Men likevel slik at flest mogeleg får kjøpe minst ein lut. Slik blir lutane fordelte så langt behaldninga på 538 lutar rekk.
  • Dersom salet ikkje blir fullteikna i perioden 15. mai – 1. september, vil Det Norske Teatret leggje ut resterande lutar til fritt sal frå 1. oktober. Det er då ingen avgrensingar i form av teikningsperiode eller tal på lutar, lutane blir selde fortløpande.

Spørsmål? Send ein e-post til luteigar@detnorsketeatret.no.

Alle personlege luteigarar som også gir samtykke til registrering i billettsystemet til teateret, kan kjøpe 2 billettar med ca 25% rabatt til alle teaterets eigne produksjonar. (Gjeld vanlegvis også ved gjestespel, men her kan kontraktar sette andre grenser). Billettar med luteigarrabatt kan kjøpast via nettsidene våre døgnet rundt eller i billettluka i opningstida.

Alle lutar gir same rett i laget. På årsmøtet kan likevel ingen ha råderett over meir enn 10 røyster, for seg sjølv eller samanlagt (vedtektene § 10).

Oppdatert informasjon om økonomi og utvikling i Det Norske Teatret finn du i årsmeldinga for 2023.