Bakgrunnsartikkel

Wonka-time!

Fridtjof Stensæth Josefsen debuterer på teaterscenen i rolla som Willy Wonka. – Det skal bli gøy, sjølv om eg ikkje er utprega glad i sjokolade, seier 29-åringen som er mest kjend frå humorgjengen Kollektivet og Hit for hit.

At han skulle spasere, dresskledt og rank, rett inn i ei hovudrolle på landets største teaterscene, låg ikkje heilt i korta. Men vegen hit har heller ikkje vore humpete eller vanskeleg for Oslo-mannen med dei mange dialektane. Etter eit obligatorisk år ved Romerike Folkehøgskole suste han rett inn i TV-jobb og blei der. Frå 2011 til 2015 var han del av Kollektivet, underhaldningsprogrammet som blei sendt over ni sesongar på TV2. Interessa for humor og musikk delte han med kompisen og Kollektivet-kollega Jakob Schøyen Andersen som han seinare laga musikkprogrammet Hit for hit med. I serien som blei vist i NRK kopla dei denne lidenskapen i ein frekk, nådelaus og utleverande gjennomgang av sjangrar og typar i norsk musikkbransje.

- Når eg går laus på ein karakter, er eg opptatt av å tilføre han noko nytt. Og kven er eigentleg denne Willy Wonka? Det kan ein jo spørje seg etter å ha lese boka og sett filmen. I motsetnad til det eg er vand med, frå humorbransjen, er rolla nærast ikonisk og dei fleste har ei oppfatning av korleis han er. Erfaringa eg har frå alt eg tidlegare har laga skal eg bruke til å finne noko fint saman med Vidar Magnussen på regi. Det er jo rom for å fylle inn, og det arbeider eg med å finne ut av. Det vonar eg også blir å sjå i Willy Wonka når han opnar sjokoladefabrikken sin for teaterpublikummet i haust.

Bachelor i sketsj

Josefsen har inga formell utdanning, men påstår å ha erverva seg ein «bachelor i sketsj». Som manusforfattar, musikkprodusent, skodespelar og artist på nærare tusen sketsjar, har han solid erfaring frå arbeidslivet i bransjen. Hadde ikkje Kollektivet plukka han opp så raskt, var planen ein bachelor i musikkproduksjon ved NTNU.

- Eg har på mange vis gjort det same, berre at eg har lært gjennom praktisk gjennomføring og ikkje på skolebenken. Eg har unekteleg lært mykje om komposisjon og produksjon gjennom dei TV-seriane eg har vore del av. Vi gjorde jo alt sjølv. Men er det ein ting eg ikkje har bachelor i så er det sminke. Der står eg vel stort sett til stryk. Heldigvis skal pudre-stafett-pinnen bli levert til nokon andre som kan det her på teateret. Det ser eg fram til, dei bør nok setje av fem minutt ekstra til den lange panna mi.

No skal han ikkje rå over heile oppsetjinga sjølv og det er mange andre som tar avgjerder om tekst, kostyme, sminke, parykkar, ja, sjølv koreografien må han ta imot. Møtet med det store apparatet på Det Norske Teatret har ikkje vore avskrekkande på Josefsen som tidlegare har vore vand med å ha større kontroll over arbeidet sitt.

Fridtjof Stensæth Josefsen har aldri spelt profesjonelt teater før - no skal han debutere i rolla som sjølvaste Willy Wonka.

- Tenk, no skal eg endeleg få ein parykk som ser truverdig ut, seier han med eit flir. – Og det skal bli godt ikkje å måtte gå på loftet for å finne fram ei dressjakke som kan funke. Her er det folk som er gode på alt på og rundt scenen og som gjer at eg kan konsentrere meg berre om mitt.

- Eg synest jo familien min har god humor og testar gjerne arbeidet mitt på dei først, seier Josefsen.

For det er knapt noko Josefsen trivst meir med enn å dukke ned i arbeid. Som ein annan Willy Wonka er han ikkje framand for å isolere seg frå omverda for så å dukke opp med noko heilt nytt.

Arbeidshest

- Eg likar å arbeide. Og eg likar å arbeide mykje. Eg er blant dei som forsvinn litt inn i det og ikkje kjem ut igjen før jobben er gjort. Da har eg ikkje tid til å vere sosial. Eg er ikkje aleine og asosial av den grunn, for eg jobbar stort sett saman med andre og det kan vere riktig triveleg med selskap i ei boble. Det er i grunnen få ting som er så gøy som å vere djupt inne i ein kreativ prosess saman med gode kollegaer. Men eg tar gjerne ein kaffi med vener og familie, men den må vere kjapp, ler han.

Familien er hans beste og viktigaste smakspoliti. Det var stor takhøgde og humoren sat laust i heimhuset under oppveksten ikkje langt bak Slottet.

Begge foreldra er innflyttarar til byen og Josefsen har herma etter dialektar heile livet.

- Eg har alltid tulla med dialektar.

Musikalitet og språk er jo ofte tett knytt saman, og Josefsen har fleire solide vestlandske dialektar å trekkje fram dersom det skulle gjere entreen til den nynorske storstova lettare. Skulle han likevel få lettare premierenervar, er det berre to ingrediensar som gjeld: Koffein og sukker.

Det viser seg at teaterets Willy Wonka ikkje er nokon søtmons.

- Det er berre når deadline nærmar seg at eg grip til sjokolade. Da kan eg få periodar med søtsug, elles ikkje, seier han nærast unnskyldande.

- Men i haust blir det mykje sjokolade av alle moglege grunnar, avsluttar teaterets Willy Wonka.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter