William Shakespeare (1564 – 1616) blir også ofte omtalt som verdas beste dramatikar gjennom tidene. Han skreiv både historiske stykke, tragediar, komediar og eventyrspel. Mellom dei mest kjende stykka hans er drama som Romeo & Julie, Macbeth – og Hamlet.
Shakespeare var ein sann teatermann som ikkje berre skreiv for scenen, han var også sjølv skodespelar og medeigar i to av dei største teatra i London i hans tid – The Globe og Blackfriars. Verka hans overgår dei fleste når det gjeld både språkleg rikdom og tematisk almengyldigheit. I karakterskildringane viser han eineståande psykologisk innsikt i den indre kampen mellom det gode og det vonde, mellom moral og lidenskap, kjensler og fornuft. Han var ofte opptatt av eksistensielle problem og universelle problemstillingar, som mennesket mot maktene i og omkring seg sjølv.
Han lånte gjerne stoff frå historisk materiale, mytologi, legender, skjønnlitteratur ,og frå andre dramatikarar. Den karakteristiske poetiske dialogen vekkjer både kjensler, stemningar og idear hos publikum, men gir også assosiasjonar ut over den konkrete dramatiske situasjonen. Det er ikkje vanskeleg å finne passasjar som lett kan stå på eigne bein. Dette er nokre av grunnane til at stykka hans overlever og blir spelte igjen og igjen. Kvar tid speglar noko nytt i tekstane hans.
Kjelder: History of the Theatre, Oscar G. Brockett with Franklin J. Hildy og Store Norske Leksikon ved Kristian Smidt.