Bakgrunnsartikkel

Teater er å snakke med hjartet

Eg melde meg på sekundet da eg høyrde om dette prosjektet, seier Svein Tindberg, aktuell i Andre verdskrigen – Natt i verda.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Det å skulle framstille den natta som andre verdskrigen var, i eit visjonært og stort tenkt prosjekt som dette, er fasinerande. Åtte timar – også reint fysisk på natta. Teatret set inn det store maskineriet sitt for å verkeleggjere ein ide, det likar eg.

Teater er å følgje nokre draumar eller vyar. Det er å bruke lang tid, gå i djupna, tillate seg å følgje eit innfall, uansett kor rart eller smalt det er. Heile ideen; å nærme seg dette enormt vanskelege temaet gjennom å gi desse fire etablerte forfattarane fritt spelerom, er stort tenkt. Vi ber alle på historier som kvar er verd ein roman. Men i framsyninga tek vi ikkje sikte på å fortelje den historiske sanninga. Vi kan ikkje konkurrere med NRK eller Discovery på det dokumentariske.

Teatret har ein stor føremon fordel ved at vi snakkar med hjartet. Vi vil aldri kunne vise det grufulle ved krigen, men teatret kan heilt klart vere nærare i å vise ein far som sørgjer over tapet av sonen sin. Det blir med andre ord ingen slag, tanks eller bomber på scenen. Vi skal trekkje opp etiske dilemma, diskutere vondskap og sjå på korleis grenser blir strekte i det godes hensikt. Dei som meiner det motsette av oss, kva for sanning sit dei med? Vi kan gå i djupna på dei reint menneskelege tinga som sorg, sakn, svolt. Samstundes er det jo viktig å hugse at det ikkje er slik at ingen lo dei fem åra krigen varte.

Familien min har sjølvsagt også sine krigshistorier. For min generasjon er dette framleis nært. Vi er ein splitta familie der det er lett å finne både landssvikarar og krigsheltar. Eg trur det er mange forteiingar og løyndomar som framleis pregar familiar. Det går i generasjonar; og samfunnet vårt er framleis forma av denne hendinga. Både i det små, men òg politisk, geografisk og økonomisk.