Bakgrunnsartikkel

Musikalsk ansvarleg Simon Revholt

Vi må tolke musikken og fortelje denne historia slik ho utspelar seg i Oslo i dag, Vi må gjere stoffet personleg, seier musikalsk ansvarleg for "Tenk om", Simon Revholt.

Skrive av
Ida Michaelsen.
Ida Michaelsen.
Informasjonssjef

Det kjennest jo litt som heime her sjølv om dette er min første jobb på Det Norske Teatret. Her heng portretta av oldeforeldra mine i foajeen, og bestefar helsar eg på dagleg – i glas og ramme, han også, rett nok. Men at eg er den fjerde generasjonen her på Det Norske Teatret, har eg ikkje tenkt på før eg blei gjort merksam på det. Ein merkar fort at musikalen som fag blir verdsett her på teatret. Både forståinga for arbeidet som ligg bak og respekten for denne sjangeren er høg. Berre det at det finst øvingsrom, er nytt for meg.

Det er ei ære å setje den nyaste musikalen til Brian Yorkey og Tom Kitt inn i ei samtidig ramme. Vi må gjere stoffet personleg, tolke musikken og fortelje denne historia slik ho utspelar seg i Oslo i dag. Alle stemningar og alle fasar som eit liv rommar skal musikken lydleggje; det skal vere underhaldande, emosjonelt, ærleg, ekte og med mykje kjærleik.

At Det Norske Teatret satsar på nye og moderne musikalar, gleder ein musikalentusiast som meg. Men det er også vågalt. Ukjend musikaldramatikk er ikkje kvardagskost, så ein må ha stort mot for å gjere det. Det er mange gode utøvarar i musikalfaget i Noreg. Nivået er høgt her heime, og at Tenk om blir spelt for første gong i Europa her, og på Det Norske Teatret, er ikkje tilfeldig.

Om eg har ei Tenk om-historie? Eg takka ja til eit songoppdrag midt i første studieåret mitt i London. Det var snakk om ein turné med eit kor på Vestlandet, dei mangla ein bass, og det skulle berre ta 3 dagar. Eg heiv meg på, og der trefte eg ho som i dag er kona mi. Det blei altså ikkje eit fullt studium og eit liv i utlandet slik eg hadde sett for meg. Ei tilsynelatande lita avgjersle som altså endra retninga på alt. Banalt, kanskje, men slik er jo livet.

Foto: Siren Høyland Sæther.