Bakgrunnsartikkel

Vest er ikkje aust og aust blir ikkje vest

Det er forskjell på stader og det er forskjell på folk. Det er noko dei fleste veit eller tek for gitt.

Skrive av
Bengt Andersen,
Byantropolog

Det vere seg for Yanomamöen i regnskogen i Brasil, som veit at dei som bur i landsbyen ei dagsreise unna er potensielle fiendar, eller for oslofolk som veit at dei på andre sida av Akerselva er meir snobbete, eventuelt meir harry enn dei sjølve. For mange, som for Nina, busett i Groruddalen, er forskjellane mellom austkanten og vestkanten identitetsskapande. Nina definerer seg sjølv ved å kontrastere seg og sine mot dei meir «overlegne» folka på vestkanten. Ikkje berre er Oslo delt mellom aust og vest: For mange er barane på Aker Brygge eller langs Karl Johan «not», mens for dei same personene er Sukkerbiten i Bjørvika og barane rundt Youngstorget, også vest for elva, særs «hot».

For andre kan dei aktuelle grensene gå internt i bydelen, slik at i visse delar av Vestre Aker bur det folk som deg, men du vil ikkje identifisere deg med dei på den andre sida av gata. Kanskje er likevel forskjellane mest markante internt på austkanten. I indre aust finn du bygardar med dyre leilegheiter der det bur hipsterar rett ved kommunale kompleks eller zombiegardar, som ein bebuar sa det da han skildra nærmiljøet sitt.

Akerselva; identitetskompasset som splittar byen i ein velståande, velutdanna og sunn vestkant og ein austkant som skårar dårlegare på dei fleste sosiale parameter

Ein trivst ikkje kor som helst

Såkalla sosioromlege forskjellar kjem også til uttrykk når barnefamiliar i dagens Oslo er på flyttefot. Når folk vurderer kor dei skal flytte, ser dei ikkje berre etter ein bustad som høver, men også etter eit høveleg nabolag. For Mette og Morten, som begge har studert på Blindern og som har fått interessante og relativt godt betalte jobbar, så var Grünerløkka i indre aust ein spennande og høveleg stad å bu mens dei var i 20-åra. Den mykje omtalte gentrifiseringa (1) av Grünerløkka hadde jo medført at unge vaksne i den noko diffuse mellomklassa no definerer området som sin stad.

Akkurat som for mange andre, blei likevel indre aust langt mindre høveleg når Mette og Morten fekk andre interesser Det vil seie, når utelivet gradvis måtte gi tapt for familielivet. Sjølv om dei hadde mange kjende i gå- og sykkelavstand, var ikkje dette nok til å forankre Morten og Mette til Løkka. Ønsket om meir plass og eit meir barnevennleg nabolag var viktige «push-faktorar» da dei bestemte seg for å flytte ut av indre aust, men andre nabolagskarakteristikkar var vel så avgjerande da dei skulle finne ein ny stad å bu. Mange av skolane, både i indre og ytre aust, var uaktuelle utdanningsinstitusjonar. Jamvel om dei ikkje hadde
førstehandskjennskap til nokon av desse austkantskolane, visste dei korleis skolane var ut frå mediedekkinga. Det tvilsame ryktet til skolane var nært knytt til elevmassen og da spesielt talet på «innvandrarar» (på fleire barneskolar i Groruddalen har fleirtalet av elevane «minoritetsspråkleg bakgrunn». Gran skole har f.eks. over 96% i denne kategorien. Vidare har sentrumsskolar som Vahl 94%, Møllergata 85,4% og Lakkegata 58,1%, mens Grünerløkka skole har «berre» 39,3% ).

Mette og Morten såg derfor kjapt bort frå relativt rimelege og store bustader i rolege nabolag i Groruddalen og i Søndre Nordstrand, og landa trygt på eit rekkehus i eit Akershus-nabolag som består av andre Oslo-utflyttarar med same sosioøkonomiske bakgrunn som dei sjølve. Mens Morten og Mette flytta ut av Oslo for å finne ein høveleg oppvekststad for barna, så visste Sofie og Sondre at barna deira hadde det bra på Vinderen. Her var ikkje berre grannane frå den same «klassa», så å seie alle var også kvite (dei minoritetsspråklege på Vinderen skole utgjer for tida 8,6%). Mens Mortens familie måtte reise frå austkanten for å finne ein høveleg oppvekststad, kunne Sondres familie halde seg i ro på vestkanten.

Klasse skil også

Men kvifor er vestkanten ein meir høveleg stad for mange mellomklassebarnefamiliar enn det austkanten er? Eit svar finn vi i Oslostatistikken: Om Mette hadde vurdert Groruddalen og flytta til Stovner, så ville ho og Morten finne få naboar med høgare utdanning – på Stovner har respektive 35% og 36% grunnskole og vidaregåande skole som høgste fullførte utdanning. Til jamføring har mange av Sofies naboar like høg utdanningsbakgrunn som ho sjølv (i Vestre Aker har 33% universitets- eller høgskoleutdanning på lågare nivå, mens 25% har ei slik utdanning på høgre nivå).

Forutan klare utdanningsforskjellar er det også store økonomiske forskjellar mellom austlege og vestlege bydelar. Igjen kan vi bruke Stovner og Vestre Aker som eksempel: Mens gjennomsnittsinntekta i Vestre Aker i 2013 var 679 000 kroner, var den tilsvarande inntekta på Stovner 345 000. Og sjølv om gentrifiseringa blir reflektert i at relativt mange på Grünerløkka har høgre utdanning (mest halvparten har universitets- eller
høgskoleutdanning), kan ein kanskje finne noko av årsaka til ei relativt låg snittinntekt (383 000,-) i den stadige straumen av barnefamiliar ut av indre aust.

Med andre ord flyttar nok mange av gentrifiserarane før dei når inntektstoppen. Om Mette derimot skulle bli buande på Grünerløkka, ville dottera hennar vekse opp i ein bydel der gjennomsnittkvinna kan ventast å leve sju år kortera enn gjennomsnittkvinna i Sofies bydel. Ikkje berre bur dei «beste« best på vest, det er her ein finn prestisjeinstitusjonane i
Oslo som ambassadørar, teater, museum og andre turistattraksjonar. På austkanten har ein derimot utskjelte drabantbyar, dei fleste kommunale bustadene, høgspentmaster, klubbhuset til Hells Angels og eit forbrenningsanlegg.

Like barn leikar best

Jamvel om utfyllande diskusjon av kvifor Oslo er ein delt by med fordel kunne inkludert historiske, geografiske og strukturelle prosessar, så må den stadige reproduksjonen av skiljet også knytast til det faktum at folk har ein tendens til å søke saman med dei som liknar på ein sjølv. Dette er med på å forklare kulturelle enklavar som Ullevål Hageby og bukonsentrasjonar av innvandrarar i område som Furuset. Når Sondre ikkje berre vil bu på vestkanten, men ikkje eingong vil bruke fritida på den «andre sida«, og når Nina aldri kunne tenkje seg å flytte vestover eller gå ut vest for Nationaltheatret, ja, da kan vi seie at leitinga etter likskap og gruppeidentitet i tillegg til behovet for sosiokulturell og geografisk avstand er viktig om ein vil forstå kvifor aust er aust og vest er vest, og kvifor dei to knapt vil foreinast.

[1] Gentrifisering er eit fenomen som inneber at ein bydel endrar seg fysisk, sosialt, økonomisk og
kulturelt. Tradisjonelle arbeidarklassestrok, gjerne nær sentrum, blir forvandla til bydelar for meir
velståande befolkingsgrupper. Dei i utgangspunktet låge bustadprisane gjer det mogleg for småbutikkar,
kafear og kunstnarar å etablere seg, og dette gjer områda hippe og attraktive. Gentrifiseringsprosessen
kan fortrengje den opphavelege befolkinga, på grunn av aukande bustadprisar og på grunn av at det
sosiale miljøet endrar seg.

Foto: Bård Gundersen